Parasjàt Ngékeb
Femte Mose-bok, kap. 7:12—11:25
Kap. 7.
12 Høyrer du no paa desse bodi, og kjem dei i hug, og held dei, so skal Herren din Gud koma i hug den truskap og naade han lova federne dine; 13 han skal elska deg, og velsigna deg, og auka ætti di; han skal velsigna baade det du avlar og det du el: kornet og druve-safti og oljen, det som fell undan stor-feet og det som kjem til i smaafenad-flokken, paa den jordi han lova federne dine aa gjeva deg. 14 Velsigna skal du vera fram-um alle folka-slag. Hjaa deg skal det aldri finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme. 15 All sjukdom skal Herren halda burte fraa deg, og alle dei vonde sottirne du kjennet fraa Egyptaland, dei skal han inkje leggja paa deg, men paa dine fiendar skal han leggja dei.
16 Alle dei folki Herren din Gud gjev deg makt yver skal du tyna, og inkje kvida deg fyr aa drepa dei. Og aldri maa du tena gudarne deira; for det vert ulukka di.
17 Men um du tenkjer som so: «Desse folki er sterkare en eg! koss kann eg driva dei ut?» — so ver inkje rædd dei fyr det! 18 Kom i hug kaa Herren din Gud gjorde med Farao og alle Egyptarane — 19 dei store plaagurne du saag fyr’ augo dine, og teikni og underi som hende daa Herren med fast hand og strak arm henta deg or Egyptar-landet; det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folki du ræddast fyre. 20 Endaa kvefsarne skal han senda imot dei, til alle dei er burte som var att og hadde løynt seg fyr deg. 21 Du skal inkje fæla deg fyr dei; for Herren din Gud er med deg — ein stor og ageleg Gud.
22 Smaatt um senn skal Herren driva desse folki ut fyr deg; du skal inkje faa øyda dei ut med ein gong; for daa kom vill-dyri til aa auka for myki. 23 Herren din Gud skal gjeva deg makt yver dei; han skal fjetra dei, so dei inkje veit korkje att eller fram, og vert ned-hoggne. 24 Kongarne deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira or verdi. Ingen skal kunna staa seg mot deg; du skal øyda dei ut fyr ende.
25 Guda-bilæti deira skal du kasta paa elden, og inkje bry deg um sylvet og gullet paa dei, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukke; for det er ein styggedom fyr Herren din Gud, 26 og slik styggedom skal du inkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom dei; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bann-støytt.
Kap. 8.
1 Alle dei boda eg legg fyre dykk i dag skal de minnast og halda, so de kann trivast og aukast og koma til aa eiga det landet Herren hev lova federne dykkar.
2 Kom i hug den lange leidi Herren din Gud let deg fara i øydemarki i desse firti aari! Han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjaa kaa som budde i hjarta ditt — um du vilde halda bodi hans eller inkje. 3 Difyr let han deg lida vondt og svelta, men so metta han deg atter med manna, som du inkje kjende til, og federne dine inkje heller, so du skulde vita at menneskja liver inkje berre av braud, men at kvart ord som kjem fraa Guds munn er mat fyr menneskja. 4 Klædi dine vart inkje ut-slitne, og foten din trutna inkje i desse firti aari. 5. So maa du da skyna at Herren din Gud vilde tukta og rett-leida deg, liksom ein far naar han tuktar upp son sin. 6 Haldt daa bodi aat Herren din Gud! Gakk paa hans vegir, og hav age fyr han!
7 For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med bekkir og løkir og kjeldur, som kjem fram i dal og paa fjell, 8 eit land med kveite og bygg, med vin-tre og fike-tre og aplar, med olje og honing; 9 der tarv du inkje eta braudet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinarne av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar. 10 Naar du so nyt godt av alt dette, takka daa Herren din Gud fyr det gilde landet han gav deg! 11 Akta deg at du inkje gløymer Herren din Gud og bodi og fyresegnirne og logirne hans, som eg legg fyre deg no! 12 Naar du hev nøgdi av mat, og byggjer deg vene hus aa bu i, 13 og buskapen din økslar seg, baade stort og smaatt, og sylv- og gull-haugen veks, og all din eigedom aukar, 14 lat daa inkje ovmod faa rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren din Gud, han somhenta deg ut or Egyptar-landet, or slava-huset — 15 han som førde deg gjenom den store øgjelege øyde-marki, millom eiter-ormar og skorpionar og yver vass-laust turr-lende — 16 han som i øyde-marki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjeti; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg. 17 Seg inkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunni meg denne rikdomen.» 18 Kom i hug at det var Herren din Gud som gav deg kraft til aa vinna slik rikdom, av di han vilde halda det han hadde lova federne dine, soleis som han til dessa hev gjort. 19 Men gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, og tener dei, og bøygjer kne fyr dei, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst. 20 Liksom dei folki Herren no gjer ende paa fyr dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunnar, fyr di de inkje lydde Herren dykkar Gud.
Kap. 9.
1 2 3 4 5
6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19
20 21
22 23 24
25 26 27 28 29
Kap. 10.
1 2
3 4 5
6 7
8 9
10 11
12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
Kap. 11.
1 2 3 4 5 6 7 8 9
10 11 12
13 14 15
16 17
18 19 20 21
22 For aktar du vel paa alle dei bodi eg gjev deg, og liver du etter dei — elskar du Herren din Gud, og all-stødt gjeng paa hans vegir og held deg til honom, 23 so skal han driva alle desse folki or landet fyr deg; folk som er større og sterkare en du er sjølv skal du jaga; 24 kvar flekken du set foten paa skal høyra deg til; fraa Øyde-marki og Libanon, fraa Eufrat-elvi til Vester-havet skal riket naa. 25 Ingen skal kunna staa seg imot deg; otte fyr deg og rædsle skal koma yver kvart land du stig paa med foten din, soleis som Herren hev sagt deg.
Tenákh | ||||||||
|