Ortodoks jødedom
Jødiske retningar | |
|
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særlig lagt vekt på kasjrút (matförskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). Meir variable trekk innaför ortodoks jødedom inkluderer synet på og behandlinga av kol isjá (kvinnestemmor), zimmún/minján (teling av religiøst myndige jødar), kvinnor og tallét/tefillín og den praktiske utforminga og (graden av) bruk av meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samenhengar).
Ortodokse jødar reknar si form av jødedommen for å vara den mest tradisjonelle og meiner vanlegvis at alle andre former av jødedom er eit brott med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side derimot gjerne at ortodoks jødedom har gått bort frå den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel for eit statisk og dogmatisk system.
I ortodoks jødedom er det i utgangspunktet strengt definerte kjønsrollar. Kvinnor har ansvar for heimen, medan menn har ansvar for alle offentlige religiøse funksjonar, inkludert i synagogen. Det er vanleg at kvinnor dekkjer håret med eit skaut eller, i nokre asjkenazisk-ortodokse samfunn, parykk.
Ortodoks jødedom kan blant anna underdelast i moderne ortodoks jødedom (inkludert feministisk-ortodoks jødedom) og ḥaredisk jødedom (òg kalla ultraortodoks jødedom).
Pekarar
Moderne ortodoks jødedom
- Orthodox Union (USA)
Feministisk-ortodoks jødedom
- Drisha Institute for Jewish Education (Manhattan, New York, USA)
- Ohr Torah Stone
- Jewish Orthodox Feminist Alliance
Sentristisk-ortodoks jødedom
- Eliezer Segal: «American ‘Centrist’ Orthodoxy : Rabbi Joseph D. Soloveitchik (1903-1992)»
- Rabbinical Council of America