Olve Utne: «Samaritansk musikk»

Frå Alnakka.net

Olve Utne: «Samaritansk musikk»
  

Føreord

Detta essayet vart opprinnelig skreve med bakgrunn i Kjell Skyllstad sine to kurs «Musikk og migrasjon: Antikkens musikkhistorie» og «Samfunn og samklang: Vokalpolyfoni i globalt perspektiv» på musikk hovudfag ved Universitetet i Oslo hausten 1990.

Vinklinga på essayet er stort sett deskriptiv. Ettersom utvalet av tilgjengelig lydmateriale er relativt lite, er det vanskelig å utdjupe essayet noko særlig i retning undersøkjelsar av primærmateriale, sjølv om detta otvilsamt ville ha vore det ideelle. Det föreligg ein del artikkelstoff, men det finst så vidt eg veit — utanom Menashe Ravina sitt verk Organum and the Samaritans — ikkje noko større, sjølvstendig verk om emnet. Det primære målet vil her ut frå det tilgjengelige materialet vara å gjera emnet meir tilgjengelig innaför det skandinaviske miljøet, og dessutan å formulere emnet med antydning av enkelte problemstillingar som ein del av ein større prosess i retning av et eventuelt prosjekt kring jødisk eller samaritansk tradisjonell musikk ved ei seinare anledning.

Målgruppa for detta essayet er personar som er kjent med de elementære omgrepa og linone innaför fagområdet etnomusikk, og det er ein fordel om lesaren kjenner noko til de musikalske kulturane i de aktuelle områda òg. Det er ein fordel, men ikkje absolutt nødvendig, at lesaren har eit visst kjennskap til jødedommen.

Ved notasjon av otranskriberte hebraiske eller arameiske termar brukar eg av praktiske årsaker berre det vanlege hebraiske alfabetet. Transkripsjonane er vokalisert etter vanleg hebraisk når ikkje noko anna er presisert.

Kem er samaritanarane?

Samaritanarar feirar pesaḥ kring år 1900.

Samaritanarane er ei folkegruppe med novarande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det helige fjellet deras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjennetekna med religionen sin. Denna religionen kan oppsummerast i denna vedkjenninga:

Eg trur på Deg, O Herre, og på Mosjé, son av ˤAmram, tjenaren Din, på den helige Toráen, på fjellet Gerizim Bet-El og på straffas og lønas dag.[1]

Samaritansk religion står, som vi ser av detta, svært nærme jødedommen, og dessa religionane/folka har da òg felles opphav. Sjølv kallar de seg både שומרונים ([šōmərōnīm] — samma ordet som blir bruka i vanleg (jødisk) hebraisk), שומרים ([šōmərīm], ‘vaktarar’), בני ישראל ([bāni Išra’el] (samaritansk uttale), [bənē Isrā’ēl]: Israels born, israelittar) og עברים ([ˤibrīm], ‘hebrearar’). Derimot brukar de aldri termen יהודים ([jəhūdīm], ‘judearar, jødar’) om seg sjølv. Samaritanarane meiner seg å stamme frå Josef-stammone Efrájim og Menasjé. Tidspunktet for brottet mellom samaritanarane og jødane er osikkert, men mykje tyder på at det var i ferd med å skje på Ngezrá si tid, kring 500 fvt.

Samaritanarane har vore ganske mange i tidlegare tider, men stadig forfølging — først frå de kristne, og deretter hovudsakleg frå muslimar — har ført til at folketalet er vorte kraftig redusert. På 1800-talet var befolkninga nede i drygt 150 menneske, men i de siste hundre åra har talet gått noko opp att, slik at folketalet var 430 i 1970.

Samaritanarane skil seg ut frå jødane først og fremst med detta:

  • Den helige staden deras er fjellet Gerizím, i motsetning til Jerusjaláim for jødane.
  • Dei reknar berre sjølve Toráen (Mosebøkene, Pentateuken) som kanoniske skrifter.
  • Mosjé blir rekna som den einaste profeten.
  • Prestane inntek ei vesentlig rolle.
  • Offerkulten er framleis halden ved like.

Blant mindre grunnleggande förskjellar kan nemnast:

  • Samaritanarane brukar ein annan kalender enn jødane, noko som resulterer i til dels andre tidspunkt for høgtidene.
  • Purím og ḥanukká, som oppstod som høgtider etter skismaet, blir ikkje feira av samaritanarane.
  • Ved sukkót byggjer samaritanarane hyttone sine inne. Detta kan settast i samenheng med de muslimske naboane sin skepsis til om samaritanarane kunne reknast med blant bokfolka, og den resulterande risikoen for massakrar.
  • Bar miṣvá blir markert tidlegare enn blant jødane — gjerne i 6–7-årsalderen.

Språksituasjonen til samaritanarane er interessant: Som grunnleggande språk for religionen har ein her — som i jødedommen — hebraisk. Uttalen skil seg likevel markant frå jødisk hebraisk. Som neste lag har vi ein eigen samaritansk dialekt av arameisk (samaritansk), som vart bruka til ei omsetting av Mosebøkerne, til religiøs poesi og liknande. Kring 900-talet[2] kom arabisk til å dominere. Detta kom til å bli talespråk og litterært språk for samaritanarane — som for de andre folkegruppone i området — fram til moderne tid. I dag blir gjerne israelsk hebraisk bruka. Med denna akkumuleringa av språk kan vi faktisk seie at den samaritanske kulturen har endt opp som firspråklig.

Generelt kan den samaritanske kulturen reknast som veldig konservativ, og det er ikkje nån overdrivelse å seie at han framstår som den mest arkaiske kulturen i området.

Den samaritanske musikken

Med samaritansk musikk meiner vi her den musikken som hører til den samaritanske religionsutøvinga og som blir framført av menn. I musikk av meir verdslig karakter skil ikkje samaritanarane sin musikk seg vesentlig frå den verdslige musikken i de andre kulturane i området. Akkurat som tilfellet tradisjonelt er blant de jemenittiske jødane, så tek kvinnone slett ikkje del i den religiøse musikken, og kvinnone sin musikk ligg dermed mykje nærmare opp til musikken til nabofolka.

Instrumentalmusikk finst ikkje i den samaritanske religiøse tradisjonen — ikkje ein gong sjofár שׁוֹפָר [šōfār], bukkehonn) blir bruka. I detta kapitlet vil vi hovudsakleg ta for oss de karakteristiske trekka ved den einstemmige musikken.

Musikken si rolle er her, som i vanleg jødedom, ikkje først og fremst av estetisk karakter. Det etiske aspektet er mykje meir framtredande, og musikken har dermed ein hovudsakleg logogenisk karakter:

The sound joined to the words is meant to achieve but two major aims — it stresses the sacred word and unites the individuals of the community in prayer.[3]

Den samaritanske musikken gjer eit ganske spesielt inntrykk på den som hører han for første gong, og med sine spesielle klangfargor, ekspressive glissandi og sin alderdommelige modalitet er han veldig olik det meste av musikken frå Europa og Midtausten elles.[4] Eit anna karakteristisk trekk ved denna musikken er fleirstemmigheita, som av og til kan få relativt drastiske konsekvensar for lydbildet.

Notasjon

Frå gammel tid har samaritanarane hatt eit syntaktisk-melodisk notasjonssystem for hjölp til resitasjon av de helige tekstane beståande av 10 aksentar, sedari maqrata (סדרי מקראתא, jødisk hebraisk uttale [sidrē miqrātā]). Detta systemet kan sjåast i samenheng med det tilsvarande jødiske systemet med 27 aksentar (טעמי המקרא — [taˤamē hammiqrā]). Det samaritanske systemet står på et tidlegare stadium enn det jødiske, noko vi blant anna ser ut frå likheiter mellom det samaritanske systemet og de tidlegare jødiske systema i israelsk og babylonsk tradisjon.[5] Alle dessa systema er ikkje-diastematiske, det vil seie at eit tekn ikkje står for ei tonehøgd, men for ein type melodisk bevegelse ( — og dermed per definisjon to eller fleire tonar). Som nemnt har dessa aksentane hatt dobbelt funksjon —

  1. stavings- og setningsaksent, og
  2. melodisk notasjon.

Det samaritanske systemet er dessverre gått heilt utur bruk — truleg kring midten av 1800-talet, da ein døande øvsteprest ikkje fann nån verdige til å vidareføre tradisjonen, og sjølv om det finst teoretiske skildringar av de grammatikalske funksjonane til aksentane og Idelsohn har funne nokre interessante parallellar mellom de antekne tydingane av aksentane og nokre tå meloditypane, er nok de nøyaktige korrespondansane mellom aksentar og musikalske funksjonar ogjenkallelig gått tapt. Blant de olike musikalske parametrane bestemt av aksentane kan nemnast det dynamiske, etter seiande med 4 variablar: forte, piano, crescendo og diminuendo. Systemet som blir bruka i dag er det enklare, tredelte systemet basert på cheironomi som vi òg finn att i de ekfonetiske systema i India, antikkens Hellas og Roma, Armenia og Israel.

Denna overgangen frå eit seinare, meir komplisert system til eit tidlegare og enklare system har oppteke og plaga forskarane, og otalige forsøk er vorte gjort på å lesa det største systemet inn i det som föreligg av musikalsk materiale i dag, utan at det har late seg gjera. Den samaritanske historia de siste tusen åra med sine stadige truslar om utrydding og eit etterkvart svært lite antal attlevande, er nok den beste förklaringa på detta.

Meloditypar

Arbeid pågår.

Denne sida / dette avsnittet
er under arbeid.
Meir innhald er på veg.

This page/section
is being worked on.
More contents are under way.

Fotnotar

  1. Etter Rian, s. 10.
  2. MacDonald, s. 47.
  3. Ravina, s. 12.
  4. Der Vortragsstil der Samaritaner ist zweifellos sehr altertümlich und entwicklungsgeschichtlich früher als irgendeiner jüdischer oder christlicher Tradition. (Lachmann, s. 56.)
  5. Sjå Spector: «Written tradition and contemporary practice in the Biblical cantillation of the Samaritans», s. 153.