Ole Nilssen

Frå Alnakka.net
Ole Nilssen
Foto:Ole Olsen Ranheimsæther

Ole Nilssen (f. 27. september 1829; d. 28. mai 1912) var ein norsk lærar, lensmann og politikar. Han var stortingsrepresentant frå 1865 til 1894, først som oavhengig og deretter for Venstre frå og med 1883.

Ole Nilssen vart fødd den 27. september 1829. Nilssen dreiv med fiske under oppveksten. Han tok eksamen ved Klæbu seminar i 1849. Före han vart innvelt på Stortinget, jobba han som lærar og klokkar i Tingvoll frå 1853 til 1856 og deretter som lærar på Frei.

Nilssen vart først innvelt på Stortinget i 1865 som representant for Romsdals amt. Han var medlem av protokollkomitéen i periodane 1865–66 og 1868–69, medlem av kirkjekomitéen i 1871–85, sekretær i Odelstinget i 1883–8 og sekretær i Stortinget og medlem av justiskomitéen i 1889–91. Frå 1892 til 1894 var han medlem av Lagtinget, valkomitéen, fullmaktskomitéen og justiskomitéen. Nilssen fikk òg tilbod om statsrådspost frå statsminister Johannes Steen, men han avslo tilbodet.[1]

Etter at Straumsnes i Tingvoll vart eigen kommune, vart han velt inn som ordførar der òg. I 1880 søkte han på og fikk jobben som lensmann i Gjemnes. Han busette seg deretter på ein gard i Øre. I 1908 pensjonerte han seg, og han vart utnemnt til riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden.[1] Ole Nilssen dødde den 28. mai 1912.

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Anonym ({{{utgjevingsår}}}): Fedrane våre – Ættebok for Nilssen-ætta, s. 28–38 – Svorkmo prenteverk (norsk).


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ole Nilssen» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.