Olav Duun
Frå Alnakka.net
Ole Julius Johannesen Raaby (21. november 1876 – 13. september 1939), meir kjent under namnet Olav Duun, var ein forfattar frå Namdalen som er særleg kjent for seksbandsverket Juvikfolke, trilogien Ragnhild og boka Menneske og maktene. Språkforma hans var nynorsk med hovudtrekk frå midlandsnormalen og sterke innslag av namdaling.
Liv
Ole Julius Johannesen Raaby vart fødd den 21. november 1876 på garden Stein på Jøa i Fosnes kommune i Namdalen. Han tok namnet Olav Duun da han reiste på lærarskulen på Levanger. Frå 1923 mottok Olav Duun diktarløn frå staten.
Verk
- 1907: Løglege skruvar og anna folk
- 1908: Marjane
- 1909: På tvert
- 1910: Nøkksjøliga
- 1911: Gamal jord
- 1912: Hilderøya, Storbåten
- 1913: Sigyn, Sommareventyr
- 1914: Tre venner
- 1915: Harald
- 1916: Det gode samvite
- 1917: På Lyngsøya
- 1918–23: Juvikfolket
- 1924: Blind-Anders
- 1925: Straumen og evja
- 1927: Olsøygutane
- 1928: Carolus Magnus
- 1929: Medmenneske
- 1930: Vegar og villstig
- 1931: Ragnhild
- 1932: Ettermæle
- 1933: Siste leveåre
- 1935: Gud smiler
- 1936: Samtid
- 1938: Menneske og maktene
Kjeldor
- «Olav Duun» på Nynorsk Wikipedia
- OlavDuun.starwarsguiden.net - Nettstad med info om Olav Duun
- Dagbladet - Forfattarside om Olav Duun
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Olav Duun» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |