Ola Kvande

Frå Alnakka.net
Storhallingen

Ola Kvande (18341918), mest kjent som «Gråvinn», var ein spelmann frå Kvenna i Stangvik i den novarande Surnadal kommuneNordmør. Han var ein solid dansespelmann som spela i mange bryllaup. Han var av dem som heldt på tyskfela, og han kom dermed i skyggen av hardingfelespelmennene som naut høgare status i kappspelsamenheng og elles i den nasjonalistiske tida kring unionsoppløysninga i 1905. Gråvinn flytta da til Trondheim og budde der i ein del år. Under ein tur til Nordmør vart han beden heim ått honom Kristian Halse, og han budde der i to vekkor og spela slåttar for Kristian Halse, slik at han fikk skrive dem ned på notar. Alt i alt skreiv Kristian ned mesta tretti slåttar etter honom, og 20 av dessa vart trykt i heftet Folkemusikk frå Nordmøre. Den siste tida av livet sitt budde Gråvinn på Smøla. Han dødde på sjukehuset i Molde i 1918 og vart gravlagt der.

Kjeldor

Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.