Norge

Frå Alnakka.net

Mal:Fakta om Norge

Kongeriket Norge (nynorsk Kongeriket Noreg; bokmål Kongeriket Norge; nordsamisk Norgga gonagasriika, lulesamisk Vuona gånågisrijkka, sørsamisk Nøørjen gånkarijhke) er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Norge mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Norge er langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med de avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er, akkurat som øya Jan Mayen, ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Norge gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlige Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men begge desse er omfatta av Antarktistraktaten, som legg territoriale krav i Antarktis på is. På grunn av oeinigheit om delelinja mellom norsk og russisk territorialfarvatn i Barentshavet, er det eit område der som inntil vidare blir administrert av begge statane — den såkalla Gråsona.

Historie

I vikingtida, frå 700-talet til 1000-talet, vart områda som no utgjer Norge, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord sist på 800-talet (oftast tidfesta til 872), og grunnla det første norske kongssetet på AvaldsnesKarmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, seiest å ha gjeve namnet til Norge. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og mange av dem busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyane, så vel som på Grønland.

Det er oeinigheit om korvidt Norge faktisk vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Den tradisjonelle oppfatninga er at Haraldr Halfdansson («Harald Hårfagre») arva rike i Vestfold og på deler av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet og Trøndelag, og så hertok Vestlandet gradvis søretter kysten. Det går klårt fram i sogone at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling kring samma tida. Desse ættene fikk vekselvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olafr Haraldsson («Olav Digre», «Helig-Olav») si maktovertaking kring 1015. Etter dette var Lade-ætta slega tilbake.

I 995 grunnla kong Óláfr Tryggvason den første kirkja på MosterBømlo og begynte med det den offisielle kristninga av landet. I 1024 sette kong Óláfr Haraldsson (seinare ofte kalla «Helig-Olav») og biskop Grimkell kristenrettenMostratinget på samma staden. Ein reknar tradisjonelt heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, der Óláfr Haraldsson fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar vart den arvelege kongsmakta tryggja under Sverreætta. Den norske kongsslekta dødde ut i 1387, og landet gikk inn i ei unionstid med Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 fortsette kongsfellesskapet med Danmark åleine. Denne tida blir kalla «400-årsnatta» i Norge, sidan Norge var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Norge vart tvungne til å alliere seg med Napoleon, og dermed kom blant taparane i Napoleonskrigane, førte Kieler-traktaten i 1814 til at Norge vart avstått til Sverige. Men det lyktest å gje landet ein grunnlov den 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstendigheit etter at ein kort krig med Sverige tvang Norge inn i personalunion med Sverige òg.

Aukande norsk misnøye med unionen gjenom 1800-talet førte til oppløysning av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfesta ved ei folkeavstemning. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkeavstemning kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, hører til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, ei grein av Oldenburghuset.

Norge var nøytralt under første verdskrigen, men etter den tyske invasjonen og okkupasjonen under andre verdskrigen vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ein kollektiv tryggingsavtale for landet. Norge var ein av de underskrivande partane ved daninga av NATO i 1949 og var blant landa som grunnla SN (FN) i 1945. Det norske folket har stemt ned EU-medlemsskap to gonger, nemleg i 1972 (da: EEC) og i 1994 (da: EF). Norge har likevel tilknyting til den europeiske indre marknaden gjenom EØS-avtalen.

Politikk

Sjå Norske Styresmakter

Norge er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnloven frå 1814 er kongen statsoverhovud og vel sjølv sitt råd, men etter riksrettsdommen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnloven gjev kongen personleg vidtrekkjande rettar, men desse rettane blir ikkje praktisert i dag og funksjonen hans i dag er først og fremst seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er samensett av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnt av kongen. Kongen kan i teorien utnemne kem han vil, men vel allveg den regjeringa statsministeren føreslær.

Det norske parlamentet, Stortinget, har 169 medlemmer, som er velt frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Lovforslag blir behandla i Odelstinget og Lagtinget. Påtale i riksrettssaker blir reist av Odelstinget og teken til doms av Lagtinget. Ut over dette blir stortingssakerne behandla i plenum, etter saksførebuingar i olike fagkomitéar (justiskomitéen, finanskomitéen, landbrukskomitéen, osv.).

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett (18 permanente dommarar (per 2004) og ein justitiarius), lagmannsrettane (Borgarting, Eidsivating, Agder, Gulating, Frostating og Hålogaland), tingrettane (dei tidlegare by- og heradsrettane) og forliksråda (behandlar sivile tvistesaker). I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Dommarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane blir utnemnt av regjeringa. Den særskilte Riksretten vurderer spørsmål om brottsverk utført av medlemmer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett.

Geografi

Mal:Detaljar

Fylke

Norge er oppdelt i 19 fylke og 431 kommunar:

  1. Østfold
  2. Akershus
  3. Oslo
  4. Hedmark
  5. Oppland
  6. Buskerud
  7. Vestfold
  8. Telemark
  9. Aust-Agder
  10. Vest-Agder
  11. Rogaland
  12. Hordaland
  13. (i nummerering av fylke blir ikkje talet 13 bruka lenger, sidan dette var det gamle nummeret på Bergen fylke)
  14. Sogn og Fjordane
  15. Møre og Romsdal
  16. Sør-Trøndelag
  17. Nord-Trøndelag
  18. Nordland
  19. Troms
  20. Finnmark

Tettstader

Norge har 909 tettstader. Dei med høgast innbyggjartal er (i følgje SSB 2006):

Det totale tettstadsarealet for heile landet er 2 263 km2, med eit innbyggjartal på 3 607 813. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

Topografi og klima

Norge har eit oppreve og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er brota av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Norge er òg kjent som midnattssolas land, sidan det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går ikkje sola under horisonten om natta ei tid kring sommarsolkverv, og likeleis er desse områda utan direkte sollys ei tilsvarande lang periode kring vintersolkverv.

Heile lengda av Norge følgjer Nordatlanteren. tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest og Barentshavet i nordaust. Det høgste punktet i Norge er Galdhøpiggen med sine 2469 meter over havet.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten, som er påverka av Golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Norge ligg i ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen er forholda meir arktiske.


Sjå òg

Økonomi

Økonomisk sett er Norge eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med eit kompromiss mellom frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjenom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar — petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. De store naturressursane har samtidig gjort landet svært avhengig tå internasjonale råvareprisar — særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % tå eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er de einaste landa som eksporterer meir olje enn Norge. Ein stor del tå inntektene frå det noverande oljesalet er plassert i statens petroleumsfond, som er investert i utlandet. Forvaltningskapitalen i fondet er over 800 milliardar kroner (2003).

Den økonomiske veksten var 0,8 % i 1999, 2,7 % i 2000 og 1,3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 tå det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Norge står utaføre EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del tå den indre marknaden i EU gjenom EØS-avtalen.

Innbyggjarar

Fil:Folketal noreg 1986 2050 per aldersgruppe.png
Berekna folketalsutvikling i Norge 1986–2050 fordelt på aldersgruppor. Datakjelde: U.S. Census Bureau.

Folketalet i Norge er 4,64 millionar og aukar med vel 0,7 % årleg (2005). Kjønnsfordelinga er 50,5 % kvinnor og 49,5 % menn. Aldersfordelinga er 19,8 % frå 0 til 14 år, 65,4 % frå 15 til 64 år og 14,8 % frå 65 år og oppover (anslag 2004 [1]).

3 560 137 menneske, eller 77,6 % tå innbyggjarane i landet, bur i tettstader (1.1.2005). Tå dessa bur 1 345 000 i de fire største byane. Det var 23 647 fleire som budde i tettstader i 2005 enn i 2004.

Folkegruppor

Etnisk sett er størstedelen tå folket i Norge nordisk / nord-germansk, medan eit lite mindretal hører til samane, østersjøfinnane og andre folkegruppor. Samar har status som urfolk, medan skogfinnar, kvenar, romanifolk (reisande, tatrar), sigøynarar og jødar har status som nasjonale minoritetar. Etter andre verdskrigen har innvandringa auka mykje, både frå Vesten og frå andre deler av verda. Første generasjons innvandrarar utgjorde 8,3 % av folketalet per 1.1.2006. De største innvandrargruppone er pakistanarar, svenskar og irakarar ([2]).

Religion og livssyn

Kring 86 % av innbyggjarane er medlemmar i den evangelisk-lutherske statskirkja (1.1.2003). Andre kristne trussamfunn (Den evangelisk-lutherske frikirkja, Den katolske kirkja, pinsevenner, metodistar med fleire) utgjer kring 4,5 %. Blant de ikkje-kristne religionane er islām sterkast representert i Norge med kring 2 %; andre religionar er representert med knapt 1 % totalt. Human-Etisk Forbund har om lag 1,5 % oppslutning. Per 1.1.2003 er kring 5 % av innbyggjarane ikkje medlemmar i noko trussamfunn eller nånn livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte ([3]).

Utdaning

24 prosent tå alle nordmenn over 15 år (eller 845 859 personar) har utdaninguniversitets- eller høgskulenivå. Tå dessa er 444 450 kvinnor. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdaning (1. oktober 2004).

I 2004 var éi tå tre kvinnor og éin tå fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdaning.[1] Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, da berre éi tå ti kvinnor i denna aldersgruppa var i høgare utdaning.

Frå 17 % i 1980, har kvinnedelen tå studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag vakse til kring 30 % i 2003. I samfunnsfag og juss har kvinnedelen stige enda meir, frå 42 % i 1980 til over 60 % i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

Språk

Norsk språk

Utdjupande artikkel: Norsk språk

Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Dessa er normerte tå Norsk språkråd. I tillegg til dessa finst blant anna de ooffisielle bokmålsvariantane samnorsk og riksmål og den ooffisielle nynorskvarianten høgnorsk. Samnorsk, som tok utgangspunkt i bokmål, men med mange trekk frå nynorsk og frå generelt norsk talemål, er meir eller mindre gått tu bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk kring tida 1930 til 1980.

Fleirtalet tå det norske folket skriv bokmål tå ein eller annan variant. Den delen tå folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34,1 % i 1944, men har i etterkrigstida gått jamt tilbake ligg i dag kring 10–15 %.

Nynorsk er eit skriftspråk som vart systematisert på grunnlag tå norske dialektar og etterkvart etablert som skriftspråk i 1840-åraIvar Aasen. Ivar Aasen kalla språket sitt landsmål; det offisielle namnet vart endra til nynorsk i 1929. Aasen prøvde å distansere dette språket frå det danskpåverka språket som var i bruk på Austlandet og blant borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå Ivar Aasen sitt landsmål og i retning bymål og bokmål, medan bokmålet har gått meir bort frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, særleg bymåla.

Høgnorsk er ei meir konservativ form tå nynorsk som motsett seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen, som ofte blir assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk blir bruka av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Somme av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet høgnorskbladet Målmannen.

Bokmålet blir truleg bruka som hovudmålform tå mellom 85 og 90 % tå alle nordmenn og står sterkast i de folkerikaste delene tå Norge, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i de fleste samfunnslaga. Riksmål er den største tå de ooffisielle formene og blir blant anna bruka tå store avisor som Aftenposten. Denna målforma ligg nærmare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet gjer. Riksmålet blir fremma tå Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Språkrådet og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som blant anna gjev ut eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.

Alle de skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. På grunn tå dominans frå Danmark kom dansk gradvis til å ta over som offisielt språk i Norge gjenom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen først og fremst påverka tå nedertysk, der om lag halvparten tå ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Norge fram til først på 1900-talet var i all hovudsak dansk. Med språkreformane i 1907, 1917 og 1938 har dette skriftspråket vorte tillempa etter norsk fonologi og austnorske bymål, slik at ein no kan snakke om bokmål som eit eige norsk skriftspråk.

Samiske språk

Olike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk blir snakka i Norge i dag: nord-, lule- og sørsamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling; det blir tala tå over 80 % tå de samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for å få den yngre generasjonen til å ta i bruk de to andre språka, som er bruka frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Norge som har flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdødde som språk i Norge, sjølv om det finst personar som definerer seg i de tre gruppone òg.

Finsk og kvensk

Finsk finn vi i to avgrensa område i Norge. Til den søraustlege delen tå Hedmark, Finnskogen kom det innvandrarar frå Savolaks i Finland1600-talet. De hadde vorte lokka til Värmland tå svenskekongen, med løfte om skattefritak, og de utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del tå den finske ekspansjonen nordover kom det innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Norge i fleire bølgjor; dessa vart kalla kvener. Språket deras skilte seg etter kvart frå finsk i Finland (ikkje minst på grunn tå finsk språkrøkt de siste 150 åra), og mange ser på kvensk som eit eige språk.

Andre språk

I Bergen var det frå høgmellomalderen og utover eit lite nedertyskspråkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denna gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirkja. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten tå 1800-talet.

Dei nasjonale minoritetane romanifolk (reisande, tatrar) og roma (sigøynarar) talar tradisjonelt språk tå indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, mens romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som rommani og rodi.

Språk tilknytta den nasjonale minoriteten jødar i Norge inkluderer først og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch (blant askenasiske jødar) og det semittiske språket hebraisk.

Dei viktigaste innvandrarspråka i Norge i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, farsi, serbokroatiske språk (serbisk, kroatisk og bosnisk), kurdisk, tamil, urdū (med de nærskyldte språka hindī og pandjābī) og vietnamesisk.

Kultur

Kjente nordmenn omfattar blant andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på rein dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Olav Duun, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.

Internasjonal pressefriheit

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.