Nordmøring
- Denna sida handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmør, sjå «Nordmøringar».
NORDMØRING fonologi (lydlære) |
ORDBOK A · B · C · D · E · F · G |
Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970). Trekk som varierer mykje mellom de olike underdialektane på Nordmør er tjukk l av historisk rð (berre ytre Nordmør), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndaling, sunndalsøramål, kristiansunder og hemnværing), behandling av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett forlenging av konsonanten dei fleste plassane; og mest forlenging av vokalen i sunndaling).
Fonologi (lydlære)
Fremre | Midtre | Bakre | |
---|---|---|---|
Høg | i y | ú | u = ó |
Halvhøg | e | ø | o = å |
Halvlåg | æ | ö | |
Låg | ä | a |
Trykksterke vokalar
Historisk korte vokalar
Omlyd
Det er ofte u-omlyd i sterke hokjønsord:
- æi tropp, æi soks (norr. sǫx)
U-omlyd manglar i mange ord i alle fall nån plassar:
- æn trast (norr. þrǫstr), æi asp (norr. ǫsp)
Jamning
Det finst mange eksempel på tiljamning og ein del eksempel på utjamning i dialekten.
Ord som ofte manglar heilt jamning eller som har fått jamninga reversert inkluderer:
- æi vikko (norr. viku), å leva (norr. liva), æn summar (norr. sumarr)
Ord med tiljamning inkluderer:
- å vät(t)a (norr. vita), ha les(s)e (norr. lesit), ɛi vøkkú (norr. viku)
Ord med utjamning inkluderer:
- å vara (norr. vera), å mak(k)a (norr. moka), å lav(v)a (norr. lofa), å bara (norr. bora), æi foro (norr. furu A), æn nava (norr. hnefa A)
Historiske lange vokalar
Norrøn æ og é har falle samen til ndm. é føre kort konsonant:
- séter (av sætr), lérar (av lærari)
Före lang konsonant òg har æ falle samen med é, men den resulterande vokalen kan i ein del fall vara opna att:
- létt (av léttr), slétt (av slætt)
men
- rätt (av réttr), ätt (av ætt)
Historiske diftongar
Alle variantar av nordmøring har monoftongering av norrønt ey til ǿ føre r:
- ǿr (norr. eyr), ǿ’r (norr. eyri), hǿ’r (norr. heyra), kjǿ’r (norr. keyra), rǿr (norr. reyrr)
Dette er likt med andre trøndske dialektar med unntak av namdaling. Namdaling og romsdaling beheld diftongen i dessa orda.
Framføre m er det varierande monoftongeringstendensar olike plassar i området.
I tillegg er det monoftongering av au til ǿ i mange enkeltord:
- lǿk (norr. laukr), brǿ (norr. brauð), kjǿ’p (norr. kaupa)
Ei og ey
Hovudtendensen i nordmørsdialekten er at norrønt ei og ey er monoftongert til æ og ö framföre novarande konsonant:
- stæn (norr. steinn), bæt (norr. beit); fłöte (norr. fleyti)
Detta gjeld òg ved synkoperte former:
- sæ’n (norr. seiðinn); ö’n (norr. eyinni)
Plassar som ikkje har monoftongering i desse falla inkluderer Sunndalen i søraust og Hemne og Snillfjord kommunar i nordaust. Austgrensa for monoftongeringa ved Vinjefjorden går i nærheita av Vinjeøra. Bymålet i Kristiansund manglar òg monoftongering.
Au
Trykklette vokalar
Trykklett -u/-o er bevart som ú/u/ó/o (varierer etter underdialekt og fonologiske forhold) före konsonant, og dessutan i vokalutlyd i mange ord med kort rotstaving. I enkelte ord kan det vara opning til a — særleg i ytre strøk. Kristiansunder har stort sett full opning til -a i alle o-endingar, på samma vis som vi finn det i fosning og trondheimsdialekt.
Infinitiv
Nordmørsdialekten har kløyvd infinitiv som i grove trekk følgjer jamvektsregelen. Det finst mange unntak, inkludert a-infinitiv i overvektsord som å dätta, å finna (Leirå på Tustna) m.fl.
Nemneform av substantiv
- æn bakka, æn nakka, æn haga, æn bät(t)a, æn dunga, æn slea, æn stäga
- æn hare, æn pos(s)e, æn skare, æn nase, æn ungje
- æi vikko/vekko/väkko/vekku/vøkku
- æi stillo
- æi ka’k, æi ga’t
Bindevokal
Samensette ord har oftast historisk genitivsending i første ledd. I svake hann- og hokjønsord, der den historiske endinga var (utlydande) -a eller -u/-o, inneber detta at bindevokalen er akopopert i jamvektsord:
- Kort rotstaving: kjaka|bæn, slea|fylling, fjøro|stæn, løo|gołv.
- Lang rotstaving: låv|kłopp, skúł|tíme, grýt|skåp, tynn|stav.
Ved historisk utlydande -ar var a-en dekt av konsonanten, og a-en vart dermed ståande oavhengig av lengda på rotstavinga:
- bygdabók, björkaskóg
Konsonantar
Uttrykk
- Te lø’kk me jú’łn! (‘God jul!’, ‘Til lykke med jula!’)
- Løkko té! (‘Lykke til!’)
Viktige underdialektar
- Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Sunndalsøramål (øramål) — eit typisk tettstadmål der dativ manglar, diftongane ei/øy/au er tydelege og ikkje monoftongiserte, og svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
- Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — danar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
- Aurgjelding (auredialekt, auremål)
- Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)
Ordtilfang
Litteratur
- Almberg, Jørn: Cirkumfleks på Ålvundeid : ei studie over tre generasjonar. Rapport i emnet FON6: feltarbeid ved Lingvistisk institutt, Univ. i Trondheim, h. 1991.
- Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
- Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
- Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
- Magerøy, Nils M.H.: Olvundeid-målet : ein amatørstudie. (Skrifter frå Norsk Målførearkiv; XVI) [Oslo] (Universitetsforlaget), 1960.
- Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania : Dybwad, 1915. (43 s.) (BIBSYS)
- Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [5]
- Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [6]
- Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [7]
Pekarar
- «Tala du rættele nordmöring?» («quiz» på Start.no)