Nordlandsgeit

Frå Alnakka.net
«Nordlandsgeit» i ordlista
ei nordlandsgeit, nordlandsgeita (dativ ått di nordlandsgeiten); fleire nordlandsgeiter, alle nordlandsgeiterne (dativ ått all(om) dei nordlandsgeitom)

Nordlandsgeit var ein av dei fire norske geiterasane som (i hop med saanengeit) er opphavet til norsk mjølkegeit. Jamt over var nordlandsgeiterne relativt like dei blåe og hornote vestlandsgeiterne,[1] men det var tydeleg lokal variasjon.[2] Typisk levandevekt var 40–45 kg.[1] Misvær fjøsregnskapslag oppgav i 1940 ei årleg middelmjølkmengd på 390 kg og feittprosent på 3 %,[2] medan Skjervold (1962) oppgjev same feittprosent, men middelmjølkmengd på 430 kg.[1] Ei utfordring ved kjeldone er at dei gjerne grupperer geitene meir etter landsdel enn etter type. Såleis skreiv f.eks. Sigurd Trageton (1934): «I Nord-Norge er det mykje geit, men ho er endå meir ueinslaga enn lenger sør. Sume svært små, men og noko større. Målselvdalen hev mykje gode geiter. Lofoten og Vesterålen hev mykje tjoregeit[3] At geita i Målselvdalen skilte seg ut kanskje tyde på at geiterne der var av dølatype?

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 s. 373 av Ellingsberg, Arne (red.): Husdyrboka. Oslo : Bøndenes forlag, 1962. (e-bok frå NB)
  2. 2,0 2,1 s. 418 av Høie, Johs. og Tilrem, Hans: Husdyrlære : ei bok for skole og praksis. Oslo : Grøndahl, 1951. (e-bok på nb.no)
  3. Trageton, Sigurd: «Geiter og geitehald». Nationen, publ. 1934.

Sjå òg