Myhank

Frå Alnakka.net
Myhank

Tipula paludosa
Myrmyhank (Tipula paludosa)

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Diptera
Underorden: Nematocera
Infraorden: Tipulomorpha
Familie: Tipulidae

Myhank (lat. Tipulidae) (nyn./bm. myhank, dial. mygghank, mehank, mohank o.a.), òg kalla stankelbein (nyn./bm. stankelbein, bm./da. stankelben) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei störste dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store deler av verda. Dei blir rekna som ein av dei mest primitive familiane innaför tovengene,[1] men myhankane med sine kring 10 500[2] skildra artar er likevel blant dei störste og mest suksessfulle delgruppone. I Norge er det kjent 93 artar.[3]

Dei eldste myhankane vi kjenner til er frå baltisk rav frå eocen og oligocen, det vil seie kring 40 millionar år gamle;[4] artane vi finn her liknar i stor grad på dem vi finn i dag og kan klassifiserast i fleire av dei samma slektene. I følgje den ledande verdseksperten på gruppa, Pjotr Oosterbroek, er det trulig at familien først oppstod i midten av Mesozoikum.[5]

Livssyklus og økologi

Myhankar er holometabole insekt som lever det meste av livet som larvor. För dei fleste artane i Norge går livssyklusen over eitt år, med nån få to- eller fleirårige fjellartar. Dei overvintrar stort sett i tredje eller fjerde av i alt fire larvestadium. Både egg- og puppestadiet tek mellom ei og to vekkor kvar, og dei vaksne dyra lever berre nån få dagar före dei dør.

Larvone finst i mange olike økologiske nisjor, men alle lever av plantemateriale. Dei langt fleste artane lever i jord, ofte av røter, men det finst òg nån få som lever i törre eller rotnande lauvtrestammar. Særlig på Vestlandskysten kan dei ha store skadeverkningar på eng, der dei et grasrøter. Det er òg kjent ein del artar som lever i mose, så vel som nån få frittlevande ferskvassartar. För mange artar er ikkje larvestadiet kjent enno.

Ytre kjennetekn

Haudet og oversida av brystet til ein Tipula sp. Merk den lange snuten og V-fura framom vengefestet.

Myhankar er store til mellomstore myggar med utprega lange føter. I tillegg til vengemønster er dei viktigaste anatomiske trekka som er typiske för myhankane dei förlenga ytste ledda på maxillepalpane; småe ekstremitetar som sitt på munndelene. Dei fleste myhankane har dessutan ein lang snute framme på haudet. Munndelene deras kan ikkje ta til seg anna næring enn reint flytande føde.

På samma viset som med andre tovenger er brystet ihopsett av tre ledd, der det mellomste er störst. Midtleddet er òg det viktigaste, ettersom det er her flygevengene sitt. Tvers over har dei ei V-forma fure mellom skjelettplatone prescutum og scutum. Vengemønsteret er viktig i definisjonen av mange slekter og underslekter. Myhankføterne er lange og brekkjer lett av. Nedst på skinnebeinleddet (tibia) sitt det som regel tornar eller sporar; som regel éin på kvar av dei fremste føterne og to på kvar av dei andre (1-2-2). Somme gruppor har òg 1-1-2.

Bakkroppen består av åtte ledd med kvar sine tydelige rygg- og bukplator. Det siste, niande leddet er olikt bygd i hoor og hannar og ber først og fremst paringsorgana. Første kroppsleddet er svært kort og andre kroppsledd er svært langt.

Systematikk og inndeling

Myhankar Tipulidae er den störste gruppa i overfamilien Tipuloidea, som òg omfattar vintermygg Trichoceridae, småstankelbein Limonidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Dei er myggar som er kjennspake med den tversgåande V-forma fura dei har i ryggen, og i tillegg med unike vengekarakterar.

Kjennspake anatomiske trekk för myhankane inkluderer blant anna dei förlenga ytste maxillepalpledda og trekk i vengemønsteret. Til vanlig har dei òg 13 antenneledd, i motsetning til dei 14 eller 16 ledda i dei andre artane i Tipuloidea. Det enklaste kjenneteknet som skil dem frå slektningane sine er likevel størrelsen.

Innaför Tipulidae er det særlig slekta Tipula som er stor og omfangsrik; berre i Norge finst det 62 artar. Derför delar vi ofte opp denne slekta i underslekter.

Slekter og underfamiliar i Norge

Veng frå Tipula oleracea
Ctenophora pectinicornis er fargerik og er òg funnen i Norge.

Under følgjer ei liste over underfamiliar, med informasjon om kva slekter som finst i Norge og med kor mange representantar. För Tipula, som er ei veldig stor slekt, er det i tillegg ført opp norske underslekter. Lista følgjer Mal:Harvard.

  • Underfamilie Dolichopezinae
    • Slekt Dolichopeza - 1 art
  • Underfamilie Ctenophorinae
    • Slekt Dictenidia - 1 art
    • Slekt Tanyptera - 2 artar
    • Slekt Ctenophora - 3 artar
    • Slekt Phoroctenia - 1 europeisk art
  • Underfamilie Tipulinae
    • Slekt Prinocera - 4 artar
    • Slekt Angarotipula - 1 art
    • Slekt Tipula
      • Underslekt (Tipula) - 2 artar
      • Underslekt (Yamatipula) - 8 artar
      • Underslekt (Acutipula) - 3 artar
      • Underslekt (Schummelia) - 1 art
      • Underslekt (Arctotipula) - 1 art
      • Underslekt (Vestiplex) - 7 artar
      • Underslekt (Lunatipula) - 11 artar
      • Underslekt (Lindneria) - 1 art
      • Underslekt (Savtchenkia) - 13 artar
      • Underslekt (Mediotipula) - 1 art
      • Underslekt (Beringotipula) - 1 art
      • Underslekt (Dendrotipula) - 1 art
      • Underslekt (Odonatisca) - 1 art
      • Underslekt (Platytipula) - 2 artar
      • Underslekt (Pterelachisus) - 10 artar
    • Slekt Nigrotipula - 1 art
    • Slekt Nephrotoma - 14 artar

Kjeldor

Fotnotar

  1. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
  2. Oosterkbroek, Pjotr (2008): Catalogue of the Craneflies of the world
  3. Hofsvang, Trond (1992): A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser.B 39, s. 77-79
  4. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
  5. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Stankelbein» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.