Mufletas
Frå Alnakka.net
Mufletas (pl.) (מופליטאש) er flate brød av gjærdeig — tilsvarande norske flatkakor eller klappakakor — som blir baka og etne ferske på den marokkansk-jødiske festen mimúna. Mimúna blir feira i døgnet rett etter at pesaḥ er over.
Oppskrift
- Lag ein vanleg gjærdeig av ca 9,5 dl kveitemjøl (gjerne sammale), 3¼ dl vatn, 15–20 g gjær, 1 ts honing eller sukker og evt. litt salt. Lat deigen heve seg på ein lun stad i kring 1½ time.
- Del deigen i kring 40 deler og kna kvar del til ein bolle.
- Plassér kvar bolle på ei smurt overflate og trykk/kjevle emnet til ei flat, rund kake.
- Varm opp ei osmurt takke eller bakstehelle.
- Steik flatkakone og snu dem når de er halvsteikt. De er ferdige når de er gjenomsteikt og fint gylne på begge sidone.
- Legg de ferdige mufletas på ei rist og dekk over dem med ein kopphandduk (kopphandklede).
- Servér med smör og honing eller syltetøy.
Kjeldor
Marks, Gil: The world of Jewish desserts. New York : Simon & Schuster, 2000. ISBN 0684870037.