Moritz Rabinowitz
Moritz Rabinowitz (1887–1942) var ein asjkenazisk samfunnsengasjert handelsmann og gründer som var fødd i Polen, men som budde i Haugesund frå 1911 til han vart arrestert av nazistane i 1940 og seinare deportert til Sachsenhausen, der han dødde den 27. januar 1942.
Tidlege år:
Moritz Rabinowitz vart fødd den 20. september 1887 i landsbyen Rajgrod i Polen. Han kom til Bergen i 1909 og til Haugesund i 1911. Han gifta seg med Johanne Goldberg (1889–1939), som var dotter ått Oberkantor Salomon Goldberg i Berlin, kjent for bygginga av synagogen «Friedenstempel» Halensee der. Ei dotter, Edith, gift Reichwald, vart fødd i 1918.
I Haugesund opna han ein liten klesbutikk. Idéen hans var å gje bønder, fiskarar og arbeidarar stilfull mote for ein rimeleg penge. Det greidde han; og den litle butikken vart eit handelsimperium med eigne klesfabrikkar og butikkar langs heile kysten. Rabinowitz-familien var den einaste jødiske familien i Haugesund i mellomkrigstida.
Da han kom til Haugesund, bestemte han seg for å bli. Han begynte å importere sko og herrekledor frå Tyskland, og han opna etter kvart butikkar i Haugesund, Bergen, Stavanger, Sauda, Egersund og Kristiansand.
I 1938 nådde han eit høgdepunkt i suksessen sin med bygginga av den ultramoderne fabrikken «Condor» i sentrum av Haugesund. Han hadde privatsjåfør, ein skinande Studebaker limousin og over hundre tilsette.
Rabinowitz var ein outsider, ein som tenkte stort og annleis — ein visjonær. Alt i 1933 gav han ut ei bok der han gikk til åtak mot Hitler og nazismen. Han fortsette kampen ved å skrive hundrevis av lesarbrev i Haugesunds Avis. Han sendte telegram til Hindenburg (1932), Roosevelt (1935) og Chamberlain (1938). Da tyskarane kom til Haugesund, var de kjøleg klare over den antinazistiske verksamheita hans, og Rabinowitz var den første de ville ta.
Arrestasjon og deportasjon
I seks månader greidde Moritz Rabinowitz å halde seg skjult på gardar langs Åkrafjorden, men den 4. desember 1940 vart han arrestert på Toftekalven. Han vart sendt til Stavanger Kretsfengsel, og derifrå til Møllergata 19 i Oslo i februar 1941; deretter til Åneby føre retur til Møllergata 19 for deportasjon den 22. mai 1941. Han vart deportert med fangeskipet MS «Monte Rosa». I Stettin skreiv han testamentet sitt med medfangane sine som vitne: politimeister Rynning-Tønnesen som testamentfullbyrdar og politikonstabel Kleppe og major Bache som vitne. Han vart sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, kor han vart sendt på «jødebrakka». Han dødde der den 27. februar 1942. Oppgjeva dødsårsak var lungebetennelse.
Skjebnen til resten av familien
Dotra Edith (16. august 1918 – 3. mars 1943), mannen hennar Hans Reichwald (29. september 1916 – 17. januar 1943) og sonen deras Harry (23. november 1940 – 3. mars 1943), leid samma skjebnen i Auschwitz. Hans Reichwald vart arrestert den 26. oktober 1942 og deportert med skipet «Gotenland» den 26. november 1942. Edith og sonen Harry vart tekne den 26. november 1942, deportert med DS «Donau» den 24. februar 1943 og ført direkte i gasskammeret da de kom til Auschwitz. Bror hans, Herschel Hermann Rabinowitz, som var busett i Bergen, dødde i Auschwitz den 22. desember 1942.
Filmen
Filmen om Rabinowitz, Mannen som elsket Haugesund, var ein publikumssuksess under filmfestivalen i Haugesund og er utgjeven på DVD. I filmen vart menneske som møtte og kjente Rabinowitz intervjua. Sjølv 60 år etter krigen fall det nån «oheldige» uttalelsar om «den typiske jøden» i filmen. Kring 1300 menneske såg filmen i Haugesund i løpet av to dagar.
På dødsleiet i Sachsenhausen fikk Moritz Rabinowitz, gjenom ein tysker som seinare møtte ein haugesundar der, sagt dette: “Om du nån gong møter nån frå Haugesund, vil eg be deg om å helse frå meg og förtele dem at dei første eg tenkte på attått min eigen familie, var arbeidarane, dei tilsette og venene eg hadde i byen.”
Rabinowitz vart hedra med minnestein sør i Haraldsgata, i Rabinowitzparken. Steinen vart avduka av stortingspresident Jo Benkow den 6. mai 1986.
Pekarar
Haukeland, Jon; Tore Vollan (2004-02-26). "Hvorfor dro ikke Rabinowitz?" (in Norsk). Dagbladet. http://www.dagbladet.no/kultur/2004/02/26/391896.html. Retrieved 2008-02-16.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Moritz Rabinowitz» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida. |