Modé aní

Frå Alnakka.net

Modé aní (hebr. מוֹדֶה אֲנִי [mō'de ă'nī], m. ) eller Modá aní (hebr. מוֹדֶה אֲנִי [mō'dā ă'nī], f. ), ‘takk gjev eg’, er ei sentral bøn i jødedommen. Sidan denna bøna ikkje inneheld Guds namn kan ho seiast føre ein vaskar henderne om morgonen, og etter mange jødiske tradisjonar seier jødiske kvinnor og menn denne bøna når dei vaknar om morgonen, føre dobesøk og handvask.

Tekst

מוֹדה אֲנִי לְפָנֶֽיךָ
מֶֽלֶךְ חַי וְקַיָּים.
שֶׁהֶֽחֱזַֽרְתָּ בִּי נִשְׁמָתִי בְחֶמְלָה.
רַבָּה אֱמֽוּנָתֶֽךָ׃

Norsk omsetting

Takk gjev eg framføre Deg, O levande og varige herskar, som lét sjela mi vende tilbake ått meg i miskunn — stor er truskapen Din!

Bakgrunn

De talmudiske autoritetane sa at «sømn er ein sekstidels daude». Ved oppvakning frå sømnen er mennesket skuldig å takke for den nye dagen i naturen og den nye dagen i livet sitt som individ.

Kjeldor