Mistfjorden (Bodø kommune)

Frå Alnakka.net
BF «Bogøy» på veg inn mot Misten ferjekai i Mistfjorden.
Foto:Olve Utne

Mistfjorden (nyn./bm.) eller Missto (pites./lules.) er ein fjord i Bodø kommune i Salten. Fjorden strekkjer seg 18 km austover til botnen av Nordfjorden.

Mistfjorden har innløp ved Misterøya eller Møsterøya i vest. Rett innom innløpet ligg bygda Festvåg på sørsida. Herifrå går det ferje over fjorden til Stegberget i austkant av Misten på nordsida som ein del av riksveg 834. Litt austom Festvåg ligg garden Litle, men derifrå og innover er det ingen fleire faste busetningar i dag. Eit stykke austover i fjorden går fjordarmen Sørfjorden (pites. Årrjevuodna) sørover, medan Nordfjorden (lules. Nuorddavuodna) fortsett austover til botnen av fjorden. Desse fjordarmane har bratte og høge fjell kring seg og fleire av dem stig bratt opp til over 900 meter over havet. Ånsvikfjellet er det høgaste av fjella på austsida av Sørfjorden med ei høgd på 1005 meter over havet.

Festvåg

Satelittbilde av Mistfjorden. (NASA)

Misten

Sørfjorden = Årrjevuodna

Storvika heilt inst i Sørfjorden vart teken i bruk som gard av den samiske Anders Anderss. frå Misvær i 1720.

Nordfjorden = Nuorddavuodna

Kommunikasjon

Mellom Festvåg og Misten er det ferjesamband. Turen tek ca 10 minutt og blir trafikkert av Ofoten og Vesterålens Dampskipsselskap.

Panoramabilde over ytre deler av Mistfjorden sétt frå ferja frå Festvåg til Misten.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Mistfjorden i Nordland» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.