Middeltonetemperering

Frå Alnakka.net

Middeltonetemperering er ein type temperering der (så mange som mulig av) dei store tersane er stemt tilnærma reinstemt og kvintane og dei småe tersane er tilsvarande undersvevande. Avhengig av kor mykje undersvevande vi stemmer kvintane, kan vi snakke om ¼-delskommatemperering, der dei store tersane er heilt reinstemte, og ⅕-kommatemperering, der dei store tersane er akkurat like oversvevande som kvintane er undersvevande. I tillegg kjem ²/₇-delskommatemperering, der endatil dei store tersane er undersvevande, og ymse andre mindre bruka variantar.

På instrument med 12 definerte tonehøgder per oktav, slik som cembalo, pipeorgel, lutt og liknande, inneber det at kvar kromatisk tangent blir stemt etter éin tonal funksjon. I praksis er dei gjerne stemt som Ciss, Ess, Fiss og B, og vi må ha enten Giss eller Ass. Med 12-delt middeltonetemperering kling tersbasert musikk med få fortekn bra, men dei store tersane i alle fjerne toneartar kling dissonerande. Det störste problemet er likevel at når 11 av dei tolv kvintane er stemt tydelig undersvevande, vil den tolvte kvinten (som eigentlig blir ein förminska sekst) bli alt for vid. Denne sterkt dissonerande «kvinten» kallar vi ulvekvint.