Menasseh Ben Israel

Frå Alnakka.net
Menasseh Ben Israel

Menasseh Ben Israel (16041657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, og dessutan grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.

Biografi

Manoel Dias Soeyro, som var namnet han vaks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytta til Nederland i 1610. På denne tida var Nederland midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.

Menasseh Ben Israel var ven med målaren Rembrandt van Rijn.

Menasseh er særleg kjent for petisjonsbrevet sitt ått Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og late jødane flytte tilbake til England. Petisjonen førte fram, og det vaks gradvis fram ei jødisk busetting i Storbritannia etter det.

Menasseh ben Israel dødde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Menasseh Ben Israel from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.