Megillàt Antijjokhós

Frå Alnakka.net

Ḥanukká

Ḥanukkilje med menoráform i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkilje

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · O, ir kleine lichtelech
Isr: Mi jemallél · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

I tidlegare tider var det veldig vanleg blant sefardím å lesa Megillàt Antijjokhós (òg kjent som Megillàt haḥasjmonaím) under ḥanukká — ein skikk som i vår tid for det meste berre er heldt oppe av temaním (jemenittiske jødar).

Megillàt Antijjokhós er ei relativt kort bok (ca 70 vers) som helst blir tilskreven Bét Hillél og Bét Sjammái kring den siste tida at Det andre tempelet i Jerusalem stod. Basert på språklige særtrekk har boka vorte datert til tida kring år 170 evt. Sangad’já Gaón sin teori om at boka vart skreven av dei fem sønene ått Mattit’já ben Yoḥanán er lite truleg. Boka vart opprinnelig forfatta på arameisk, men finst i tidlege hebraiske omsettingar òg, så vel som i arabisk språkdrakt, omsett av Sangad’já Gaón. Sangad’já Gaón delte òg boka inn i vers og la til vokaltekn og tengamím (kantillasjonstekn) i den opprinnelige arameiske teksten.

Pekarar og kjeldor