Matvaror for pesaḥ
Kva matvaror som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer ein del mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er förboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer.
Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli förveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Merk likevel at kitnijjót ikkje i seg sjølv er ḥaméṣ; det er ikkje noko forbod mot å eiga kitnijjót under pesaḥ, og det er ifølgje Morám (Rema) tillate for alle å eta ein matrett der ein ikkje enkelt kan skilje ut kitnijjót, så lenge dei er batél barób — det vil seie at under halvparten av retten (f.eks. 49 %) er kitnijjót.
Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.
Frukt og grønt
JA:
- Alle friske og tørka frukter og grønsaker utan tilsetningsstoff.
Egg, meierivaror og fisk
JA:
- Friske egg.
- Mjølk frå vanlege meieri.
- Smør frå TINE.
- Fersk eller frosen, heil fisk utan tilsetningsstoff.
Potet (alle)
- JA:
- Potetmjøl
Ris og mais (berre sefardím)
JA (sefardím):
- Ris
- Rismjøl
- (IKKJE «enriched rice», ettersom den risen ofte inneheld kveite)
- Mais
- Maismjøl
- Maisstivelse
- Polentagryn
- Popkorn
- ORGRAN Lasagne mini sheets (gluten free - wheat free)
Havre
- BJØRN havregryn store glutenfri
Kitnijjót (berre sefardím)
- Friske erter og bønor og andre belgvekstar. Peanøtter (jordnøtter).
- Nokre, men ikkje alle, sefardiske gruppor tillet tørka belgvekstar, slik som erter, bønor, kikerter, linsor o.a.
NEI
- Alt brød som ikkje er sertifisert både glutenfritt og kveitefritt.
- Alle ferdigprodukt som inneheld kveite (inkl. emmer), spelt (dinkelkorn, einkorn), bygg og rug og som ikkje er spesifikt sertifisert for pesaḥ. (Havre er ikkje ḥaméṣ i seg sjølv, men inneheld ofte innblanding av bygg i praksis.)
- Eddik som ikkje er spesielt merka kasjér for pesaḥ, ettersom eddik ofte er basert på malt, eit gjæra byggprodukt.
- Merk at butikkselte flatbrød produsert i Norge ikkje er avgrensa til 18 minutts produksjonstid; derför blir dei rekna som ḥaméṣ etter halakhá.