Massékhet Sanhedrín 10

Frå Alnakka.net
Talmúd · תַּלְמוּד
Misjná · מִשְׁנָה
Sanhedrín · סַנְהֶדְרִין
 1  2  3  4  5
 6  7  8  9 10
11        


Massékhet Sanhedrín 10

Massékhet Sanhedrín 10:1

Misjná

Heile Jisraél har del i Ngolám habbá (verda som kjem) — som det er sagt: “Og heile folket ditt (skal vera) rettvise; i æva skal dei erve landet; greina av plantinga av handverket Mitt for å ære (Meg).” (Jesjangjáhu 60:21) Og dessa (er dei) som ikkje har del i Ngolám habbá: Den som seier at det ikkje finst teḥijjàt hammetím (oppliving av dei daude) i Toráen; og (den som seier at) Toráen ikkje kjem frå Himmelen; og appíkorósen (epikurearen, ateisten). Rebbí Ngakibá seier: «Endatil den som les i heretiske bøker, og den som kviskrar over såret (ått nån) og seier ‘Alle de sjukdommar som Eg sette på Egypt vil Eg ikkje sette på deg, for Eg er Adonái (Sjemót 15:26)Abbá Sjaúl seier: «Endatil den som uttalar Namnet etter bokstavane Sine.»

Jerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:2

Misjná

Tre kongar og fire hedjotót (lekfolk) har ikkje del i Hángolám habbá. Dei tre kongane er Járobngám, Aḥ’áb og Menasjé. Rebbí Jehudá seier: «Menasjé har del i Hángolám habbá — som det er sagt: ‘Og han bad ått Honom; og Han let Seg be ått og haurde bønfallinga hans, og førte han tilbake til Jerusalem, til riket sitt’. (Dibré hajjamím B 33:13)» Dei (vise) sa ått honom: «Til riket hans førte Han honom tilbake, men til livet i Ngolám habbá førte Han honom ikkje tilbake.» Dei fire hedjotót (som ikkje har del i Hángolám habbá) er Bilngám og Doég og Aḥitófel og Géḥazí.

Jerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:3

Misjná

Generasjonen frå Floda har ikkje del i Hángolám habbá, og dei skal ikkje stå til doms — som det er sagt: Ikkje skal anden Min vera i menneskja i æva; (Beresjít 6:3) (det vil seie) ikkje dom (for den generasjonen) og ikkje ande (i Háŋolám habbá) for den generasjonen).

Generasjonen frå haflagáen (språkoppdelinga i Babél) har ikkje del i Hángolám habbá — som det er sagt: “Og spreidde Adonái dei derifrå til yta av heile jorda.” (Beresjít 11:8) «Og spreidde Adonái dei» (tyder) ‘i denna verda»; og «derifrå» (tyder) ‘Adonái spreidde dei frå Hángolám habbá’.

Mennene i Sedóm (Sodoma) har ikkje del i Hángolám habbá — som det er sagt: “Og mennene i Sedóm var vonde og syndarar mot Adonái — storleg.” (Beresjít 13:13) «Vonde» (tyder) ‘i denna verda’, ‘og syndarar’ (tyder) ‘i Hángolám habbá’; men dei vil stå til doms. Rebbí Neḥemjá seier: «Verken dessa eller dessa vil stå til doms — som det er sagt: ‘Derfor skal ikkje vonde stå opp til doms, eller syndarar frå rettvise lydar.’ (Tehillím 1:5) «Derfor skal ikkje vonde stå til doms», dette er generasjonen frå Floda; «og syndarane frå rettvise lydar», dessa er mennene frå Sedóm. Dei (vise) sa ått honom: «Dei skal ikkje stå i lyden av rettvise, men dei skal stå (til doms) i lyden av vonde.»

([Berre i Talmúd bablí:] Speidarane har ikkje del i Hángolám habbá — som det er sagt: “Og dødde dei mennene som brakte ut ein vond bodskap om landet av pesten føre Adonái.” (Bammidbár 14:37) «Og dei dødde» (viser ti) ‘denna verda’; «av pesten» (tyder) ‘i Hángolám habbá’.)

«Generasjonen i villmarka har ikkje del i Hángolám habbá, og ikkje skal dei stå til doms — som det er sagt: ‘I denna øydemarka skal dei tærast opp og der skal dei døy.’ (Bammidbár 14:37)» Dette er orda ått rebbí Ngakibá. Rebbí Elingézer seier: «Om dei er det òg sagt: ‘Samle Meg Mine vise, dei som inngjekk ei pakt med Meg gjenom ofring.’ (Tehillím 50:5)»

«Lyden ått Kóraḥ skal ikkje stå opp att — som det er sagt: “Og lukka ho seg over dei, jorda”; (det vil seie) ‘i denna verda’; “og dei kvarv frå midt i lyden” (Bammidbár 16:33); (det vil seie) ‘i Hángolám habbá’» er orda ått rebbí Ngakibá. Rebbí Elingézer seier: «Om dei er det òg sagt: Adonái drep og gjev liv; fører i grava og fører opp.’ (Sjemuél A 2:6)»

«Dei ti stammane skal ikkje vende tilbake — som det er sagt: ‘Og kast dei ått eit anna land, som (det er på) denna dag.’ (Debarím 29:27) Slik som denna dagen går og ikkje vender tilbake, slik går dei og kjem ikkje tilbake» er orda ått rebbí Ngakibá. Rebbí Elingézer seier: «“Som denna dagen”: Slik som dagen mørknar og lysnar (att), slik (òg for) dei ti stammane: Som det har mørkna for dei, slik vil ljøset seinare skine for dei.»

Jerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:4

Misjná

Menneska i ein kjettersk by har ikkje del i Hángolám habbá — som det er sagt: “Visse tvilsamme menn har gått ut frå samfunnet ditt og drege bort innbyggjarane i byen sin.” (Debarím 13:14) Men dei kan ikkje drepast anna enn om forførarane kjem frå denna byen og denna stamma, og anna enn om fleirtalet vart forført, og anna enn om forførarane var menn. Og om forførarane var kvinnor eller born, eller om forførarane var utanbys frå, sjå, (da er kvar av) dessa (som er kjettarar i byen) som enkeltfall (å rekne). Og ein treng to vitne og ei åtvaring for kvar og éin av dei. I dette fallet er det strengare reglar for enkeltfall enn for gruppor, for enkeltfalla (av kjettarar blir avretta) ved steining, og dermed går eigedommen deras fri; men gruppone (av kjettarar blir avretta) ved sverd, og dermed går eigedommen deras tapt.

Jerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:5

Misjná

“Du skal visseleg ramme osv.” (Debarím 13:16) Eseldrivarane og (kamel)karavanen som passerer (byen på veg) frå stad til stad, sjå, dessa kan berge han (= byen) (gjenom å bli talte med til dei rettvise). (Som det er sagt): “Øydelegg han og alt som er i han og feet i han med sverd-eggen.” (Debarím 13:16) Ut frå dette sa de: «De rettvises eigedom som er i (byen) går tapt; (den delen) som er utaføre han slepp unna; men (eigedommen) ått de vonde, enten han er innaføre eller utaføre (byen), sjå han går tapt.»

Jerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:6

Misjná

Jerúsjalmí

Bablí


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinnor):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (helige ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín