Marcus Melchior
Marcus Melchior (1897–1969) var ein rabbinar frå København som blant anna er kjent som fungerande overrabbinar i Danmark under berginga av dei danske jødane i 1943.
Marcus Melchior kom frå ein framtredande jødisk familie i Danmark. Etter nån få år som rabbinar i Tyskland, vart han rabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København i 1934. I 1947 vart han utnemnt til overrabbinar i Danmark. I tida 1943–45 var han fungerande rabbinar for dei jødiske flyktningane frå Danmark i Sverige. Etter andre verdskrigen tala han for försoning med det nye Tyskland.
Sjølv om bakgrunnen hans var ortodoks, så gjorde dei retoriske ferdigheitene og dei kulturelt opne haldningane hans at han vart populær som talar langt utaför jødiske kretsar.
Marcus Melchior var far ått den danske politikaren og statsråden Arne Melchior og rabbinaren Binyamin (Bent) Melchior. Bent Melchior tok over etter far sin som overrabbinar i København i 1969. Bent i sin tur er far til Michael Melchior — mangeårig norsk overrabbinar og sidan 1985 sentral israelsk politikar.
This article is based entirely or in part on the article “Marcus Melchior” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |