Marór
Frå Alnakka.net
Marór (hebr. מָרוֹר [mā'rōr]) er nemninga for dei bitre grønsakerne ein et under haggadáen på dei to første kveldane av den jødiske høgtida pesaḥ. Som marór brukar dei fleste sefardím bitre typar salatblad (hebr. ḥazéret). Asjkenazím brukar oftast pepparrot.