Loveleen Rihel Brenna
Loveleen Rihel Brenna (f. 1967) i India) er ein forfattar frå Agder. Ho vart fødd i India fredag den 6. oktober 1967 av ein far som var sikh og ei mor som var hindu, og ho kom til Kristiansand samen med foreldra sine i 1972.
Loveleen Rihel Brenna er utdana i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståelse, og ho driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv òg foredrags- og kursverksamheit kring desse emna. Tidlegare har ho blant anna arbeidd ved innvandrarkontoret og barnevernstjenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektledar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.
Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997), og i 2000 fikk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skapa betre forhold för integrering.
Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden fram til 2007, og deretter attutnemnt for fire år til. Ho sitt òg i styret for Universitetet i Agder og Norges Røde Kors. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og Mal:Setit i styret for VOX-instituttet.
Bibliografi
Sakprosa
- 1997 – Mulighetenes barn : å vokse opp med to kulturer. (Oslo: Cappelen, 1997 – ISBN 82-02-16180-0)[1]
- 2001 – Djulaha! : om å forstå annerledeshet (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0)[2]
- 2004 – Sangam! : integrering og inkludering (Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2)[3]
- 2007 – Marasim (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5)[4]
- 2008 – Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling (Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6)[5]
Kjeldor
- «Loveleen Rihel Brenna» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Brenna, Loveleen» av Magne Lerø i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Fotnotar
Pekarar
- Nettstaden til Loveleen Rihel Brenna
- «‘Jeg tenkte aldri at jeg var noen hjelper’» av Rønnaug Jarlsbo på Dagbladet.no (29.03.2009)
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Loveleen Rihel Brenna» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |