Lofothest
Frå Alnakka.net
«Lofothest» i ordlista | |
|
Lofothest var ein hestrase som haurde til i Salten, Lofoten, Vesterålen og naboområda. Lofothestane med si høgd på kring 1,20–1,30 m var mindre enn lyngshestane, og han skilte seg òg ut med det lange ragget. Dei var kjent som svært hardføre hestar. Lofothestane var enno vanlege kring midten av 1800-talet. Den visstnok siste lofothesten, som var på Yttergården under Evjen ved Saltstraumen, vart skoten i 1899. Den hesten står utstilt på Bergen Museum.