Lappgeit

Frå Alnakka.net
«Lappgeit» i ordlista
ei lappgeit, lappgeita (dativ ått di lappgeiten); fleire lappgeiter, alle lappgeiterne (dativ ått all(om) dei lappgeitom)
Lappgeit.
Foto:Jon Julius Sandal

Lappgeit (nyn./bm.; sv. lappget, bm. lappgjet, da. lapged), lokalt kjent som fjellgeit (sv. fjällget), er ein gammel geitrase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geitrasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 100 alsdyr (februar 2010) blir rasen rekna som akutt utryddingstruga.

Skildring

geiter bukkar
vekt 30–50 kg 40–80 kg
mankehøgd 50–60 cm 60–70 cm

Lappgeita er gjerne noko kortbeint med relativt langt ragg. Både bukkar og geiter har horn. Grunnfarga i pelsen er ofte kvit, men grå, svart og viltfarga finst òg.


Geita i reindriftssamisk kultur

I bufinn-kulturen har geita vore bruka som husdyr for mjølk så vel som kjøtt på liknande vis som i den øvrige småbruks- og fiskarbefolkninga langs kysten.

Blant reindriftssamane har det vore vanlegast i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanleg å skaffe seg nån få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidleg på året, medan reinkalven trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. På dei faste leirplassane vart det gjerne bygd ei eiga kåte som geitfjøs (så geiterne sleppte unna myggen om netterne), men elles var geiterne med reinflokken frå våren til hausten. Dermed var det viktig at geiterne var hardføre — både med at dei tolte kaldt vêr og med at dei kunne gå langt. Dei typiske geiterne var robuste og tettbygde. Ut frå dei bevarte «lappgeiterne» veit vi at dei såg ut på lag som andre nordskandinaviske geiter, men at dei gjerne hadde kortare bein og lengre ragg.

Fatmomakke tidleg på 1900-talet. Fatmomakke har vore samisk samlingsstad i lange tider og fikk etter kvart ein del nybyggjarar. Mange lappgeiter har nok overvintra her i tidlegare tider. Det var frå Fatmomakke at dei lappgeiterne kom som vart attoppdaga i 2001.

Om vinteren, med vandring i djupsny, var det sjølvsagt ikkje praktisk at geiterne var med reinflokken. Derfor var det vanleg at geiterne vart haldne i fjøs over vinteren. Det var vanleg at fastbuande småbrukarar (det kunne vara bufinnar eller ikkje-samar; i Sverige var det ofte nybyggjarar) tok vare på geiterne. Dei beheldt da all eventuell mjølk, og dei fikk òg kompensasjon for at dei passa dem. Den kompensasjonen varierte, men kunne bl.a. inkludere sytingsrein — at dei fastbuande eigde reinar i flokken til reindriftssamane.

Slutten av sytingsgeit-systemet

Det var fleire faktorar som gjorde at sytingsgeit-systemet försvann. I Sverige inneheldt den nye reinbeiteloven av 1928 eit tak på fem geiter per hushaldning. Reguleringa av grensa mellom Sverige og Norge førte òg med seg restriksjonar i antal geiter, og etterkvart òg fullt forbod mot reinflytting langs dei gamle flyttvegane over Kjølen. Restriksjonane og forbodet mot sytingsrein var med på å bryte ner verdde-systemet, og pengehushaldet, inkludert tilgang på törrmjølk, førte òg med seg at fleirsysling vart mindre rasjonelt. I Sverige vart det slutt på lappgeithaldet i løpet av 1960-åra.

Berging av lappgeit-rasen

I 2001 vart det funne nån få lappgeiter frå Fatmomakke. Desse geiterne var på veg til å bli slakta, men vart kjøpt av Mikael Ågren og Annsofie Lund. Dei overlet geiterne, som det da var 13 av, til Björksta Stuteri i Umeå våren 2002. To geiter til dukka opp i Vilhelmina i 2004. Alle desse geiterne har vorte olne på, og per februar 2010 var antalet alsdyr oppe i kring 100. Lappgeiterne som vi kjenner dem frå desse dyra er normal- til kortbeinte; dei er ofte kvite, men med ein del variasjon; dei har langt ragg; og alle geiterne til no har horn.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Lappgeiter i Långsjöby. Video: «Longvattnet».


Pekarar