Kvit spælsau

Frå Alnakka.net
Lam av spælsau.
Foto:«Asj»

Kvit spælsau (nyn./bm., stundom skreve (kvit) spelsau), kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk saurase som mange meiner er den opprinnelige saurasen i Norge. Sauen er godt tilpassa klimaet i Norge og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er utbreidd over heile landet i dag, og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.

Spælsauene er småe og spedbygde, men dei er hardføre og fruktbare. Dei mjølkar godt og tek godt vare på lamma. Ulla består av fin botnull og lengre, grov dekkull.

Historie

Spælsauen er ein saurase som er framolen med grunnlag i det gamle norske sauslaget. Dei opprinnelige nordeuropeiske sauene var småvordne, med kort hale, farga tolags ull med grov ytterull og horn — mykjegodt likt norsk utegangarsau («villsau») og dei færøyske og islandske sauene. Desse sauene var tilpassa forholda som stort sétt hadde vore oendra over fleire tusen år. På 1700-talet kom den industrielle revolusjonen og endra samfunnet — først i Storbritannia, og seinare over heile verda. Spinnemaskinone var dei første industrielle maskinone, og da dei vart tekne i bruk vart det skapt eit stort behov for ull. Ulla til den gamle korthalesauen var relativt dårlig eigna til maskinell ullgarnproduksjon, og utover 1800-talet dreiv engelskmennene systematisk framaling av saurasar med mjukare og meir lettspunna ull. Desse nye rasane erstatta delvis dei gamle rasane, og dei blanda dem òg inn i dei gamle saurasane for å gjera ulla deras betre etter standarden i samtida. Resultatet var at den reinrasa gammelsauen var i ferd med å försvinne. Norske sauslag som dalasau, steigarsau og fuglestadsau er eksempel på blandingssau som har vorte fiksert og framolne som eigne rasar i sterke saumiljø.

Etter 1900 var det lite att av den gamle norske sauen. Berre i isolerte fjellbygder, på somme av øyane i Sunnhordland og i Finnmark fanst det reine flokkar. For å berge restane kjøpte staten i 1912 inn sauer frå flokkar i Hylestad og Valle i Setesdalen og frå øya Hyfteren i Sunnhordland. Sauene frå Hyfteren var utegangarsau som ikkje var fôra inne på minst 200 år, medan setesdalssauen vart halden inne om vinteren. Sauene vart fördelt på to alsstasjonar — éin ved kysten på Hidle i Ryfylke og éin på Løyland i Valle. Desse stasjonane fikk 30 dyr kvar. Det er osikkert kor olik kyst- og innlandsspælen var, men setesdalssauene var jamt over kvite, medan kystspælen hadde fargor som vi förbind med det vi kallar utegangarsau eller villsau i dag. Ein annan förskjell var at alle bekrane og dei fleste søyone frå Hyfteren hadde store horn medan setesdalssauen for det meste var kolla.

På alsstasjonane gjorde planmessig al og betre fôring at vektene auka mykje. Dei norske sauene var i utgangspunktet små, med søyevekter mellom 20 og 30 kg. Dét var ikkje i tråd med idealet i samtida, så ein velte å krysse inn færøysauer i 1920, og seinare islandske bekrar for å auke størrelsen. Sporadisk kryssing med finnsau, leicestersau, svartfjessau og gotlandssau skjedde òg, men dei sistnemnte har hatt liten innflytelse.

Eigenskapar

Idealvekta for søyor etter vår tids standard for spælsauen er kring 65–70 kg.

Spælsauen er opprinnelig kompakt og lettbygd og treng lite kraftfôr. Kjøttet har relativt lite feitt. Spælsauen mjølkar godt, går godt i flokk og greier seg for det meste bra ute. Spælsauene er likevel meir utsett for sjukdommen alveld enn andre saurasar. Sauene pådreg seg denne sjukdommen ved å eta myrplanten rome.

Toslege spælsaugarn farga med plantor. (Foto: Frode Inge Helland)

Utnytting

Spælsauen gjev mjølk og kjøtt av god kvalitet. Ulla på spælsauen er olik dei nyare saurasane. Ho har to tydelige lag: Eit langhåra, glansfylt og bølgjande lag med dekkull som vernar mot vind og vêr, og eit underliggjande lag (botnfell) som held sauen varm.

Dei lange dekkhåra blir blant anna bruka til vevtråd som er hardt spunnen med to trådar i staden for tre, noko som gjev ein fin glans i tråden. Dette garnet vart bruka i dei gamle bildeteppa frå norsk renessanse og barokk. Segla ått vikingane var av garn frå forgjengarane ått spælsauen. Ulla vart mykje bruka til kledor i gammel tid ettersom ho er lett og tek til seg lite fuktigheit.

Kjeldor

  • Kielland, Thor. B.: Norsk Billedvev (Fortidskunst i norske bygder)
  • Lindholt Data
  • Bondevennen nr 27/28 - 12. juli 2002

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Spælsau» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.