Kva er ein synagoge
Frå Alnakka.net
Ein synagoge eller ein esnoga er eit hus som blir bruka til jødiske gudstjenestor.
Eit slikt gudshus blir kalla synagoge i jødedommen, gurduara i sikhismen, moské i islam, kirkje i kristendommen og så vidare.
I synagogar finst det som regel ...
- ... ein Hekhál (ark), som er det skåpet der ein oppbevarer torárullane (bokrullane som inneheld Mosebøkene;
- ... eit ner tamíd, som er det evige lyset som skal minne om menoráen (den sjuarma lysstakan) i Tempelet i Jerusalem;
- ... og mange andre ting.
Når vi går inn i synagogen, passar alle gutar og menn på at haudet er dekt. Om du ikkje har huve eller hatt på, skal du bruke ein kippa (kollhuve, kalott). Dét gjeld enten du er jødisk eller ikkje-jødisk, akkurat som alle tek av seg skorne i ein moské og alle tek av seg haudplagget i protestantiske kirkjor.
Jentor og kvinnor dekkjer haudet i nån synagogar. I andre synagogar er skikken at berre gifte kvinnor dekkjer haudet.