Kugl eller kigl (jid. קוּגל), òg skreve kugel, er ein asjkenazisk pudding. Dei to mest kjente typane kugl er buljbekugl, eller potetpudding, og lokshnkugl, eller eggnudel-pudding. Kugl blir særleg servert på shabbes (sjabbát) og jontev (jom tob). Ein variant for peisech (pesaḥ) er matsekugl.