Krumstemning
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanleg fram til tidleg på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentleg lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelege lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og da særleg åttringane, fikk ord på seg for å vara otrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskeleg kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlege grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsakleg saga bordgangar vart utvikla.
Historie
Dei eldste oppmålte båtane

Vi kjenner ikkje til nokon bevarte båtar av den eldste typen, men i Marinemuseet i Horten finst det oppmålingstekningar utført av Marinen på 1800-talet. Der finst det dokumentert krumstemningar med krummare stemnar enn på nokon av dei bevarte båtane. Desse båtane er basert utelukkande på hogde bord, band og kne.
Dei eldste bevarte båtane
Bildegalleri
- Krumme kne på misværåttringen.Olve Utne (2009)
Overgangen til rettstemna nordlandsbåtar
Renessanse for krumstemningen
Størrelsar
Basert på oppmålingar av dei bevarte krumstemningane har Eldjarn/Godal (1990) sett opp desse størrelseskategoriane:
Rom | Årepar | Lengd (gammal alen) | Lengd (nye fot) | Namn | Bilde | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|
2 | 2 | 8 – 8½ | 14 – 15 | færing | ||
2 | 8 | 14 | omrømt færing | |||
2 | 9¼ | ca. 16 | omrømt hundromsfæring | |||
3 | 3 | 10 – 10½ | ca. 18 | treroring | Gammelbukken, ein krumstemningstrerømming bygd i Rana. |
|
4 | 11¼ – 11½ | 19½ – 20 | skottkeiping | |||
3 el. 4? | 13 – 13¾ | 23 – 24 | halvfjerdrømming | |||
5 | 5 | 14½ – 15 | 25½ – 26½ | åttring | ||
6 | 6 | 15½ – 16 | 31 | seksroring | ||
7 | 19½ – 21 | 33½ – 36 | fembørding | Båtane har 6 rom; akterskotten er ekstra lang og er best forstått som skott + oinnreidd rom. |
Pekarar
- Oppmålingstekning av 3-roms nordlandsbåt frå Vikran frå Arctandria.no
- Krumstemning på Facebook