Kronisk obstruktiv lungesjukdom
Frå Alnakka.net
Kronisk obstruktiv lungesjukdom, ofte forkorta til KOLS, er ein samlediagnose for ei rad nærskyldte sjukdommar med kronisk og meir eller mindre irreversibel nedsetting av lungefunksjonen. Diagnosar som hører til under denne samletermen inkluderer kronisk astmatisk bronkitt, kronisk bronkitt med obstruksjon, bronkiektasi og lungeemfysem.
KOLS blir ofte utløyst av vedvarande irritasjon av luftvegane. Den vanlegaste årsaka er tobakksrøyking, og derfor blir tilstanden ofte kalla «røykjarlunge». Men sjukdommen kan òg vara arveleg (f.eks. som resultat av α₁-antitrypsinmangel) og/eller henge i hop med anatomiske faktorar som f.eks. tønnebryst (auka AP-diameter), fuglebryst (pectus carinatum) eller traktbryst (pectus excavatum).
Kjeldor
- «Kronisk obstruktiv lungesjukdom» på Nynorsk Wikipedia
- «COPD (Chronic Obstructive Pulmonary Disease)» frå MedlinePlus (hovudsakleg engelsk, noko spansk)