Kristofer Uppdal
Frå Alnakka.net
Kristofer Oliver Uppdal (1878–1961) var ein forfattar og målmann frå Innherred. Uppdal skreiv på landsmål med varierande grad av innslag frå inntrønder. Det mest kjente verket hans er Dansen gjenom skuggeheimen, der han skildrar rallarlivet og framveksten av den norske arbeidarrørsla. I dag blir den eldfulle og krevande lyrikken hans rekna blant dei fremste eksempla på modernismen i skandinavisk diktekunst kring første verdskrigen. Frå 1939 fikk Uppdal tildelt Statens kunstnarløn.
Viktige verk
Romanar
- 1911-1924 - Dansen gjenom skuggeheimen (10 band)
- Stigeren, 1919
- Trolldom i lufta, 1912
- Vandringa, 1923
- Kongen, 1920
- Dansen gjenom skuggeheimen, 1911
- Domkyrkjebyggjaren
- I skiftet, 1922
- Røysingfolke, 1914
- Fjellskjeringa , 1924
- Herdsla, 1924
Diktsamlingar
- 1905 - Kvæde
- 1905 - Ung sorg
- 1908 - Sol-laug
- 1909 - Vill-fuglar
- 1918 - Solbløding
- 1919 - Elskhug
- 1920 - Altarelden
- 1947 - Kulten
Essays, aforismar og liknande
Litteratur om Kristofer Uppdal
- Eggen, A. (1980). "Kristofer Uppdal som nyskapar i nordisk lyrikk", Profil, nr 3, s. 65-69.
- Vassenden, E. (1996). Om dikt og lesning : Kristofer Uppdals "Isberget", [E. Vassenden], Bergen.
- Ystad, V. (1974). Kosmiske perspektiver i Uppdals lyrikk, Universitetet i Oslo, Oslo.
- Ystad, V. (1970). "Den kosmiske visjon i Kristofer Uppdals lyrikk", Edda, B.70, s. 223-247
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kristofer Uppdal» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kristofer Uppdal» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida. |