Kjell Aukrust

Frå Alnakka.net

Kjell Aukrust (f. 19. mars 1920; d. 24. desember 2002) var ein teknar og forfattar frå Alvdal i Østerdalen. Kjell Aukrust vart fødd den 19. mars 1920 i Alvdal som son ått Lars Olsen Aukrust, bror ått Odd Aukrust og nevø ått Olav Aukrust. Han var utdana frå Kunst- og handverksskulen. Etter andre verdskrigen arbeidde han som avisteknar i Vårt Land ei stund, og han vart snart etablert som ein særprega yrkesteknar. Kjell Aukrust er blant anna representert i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst. Aukrustsenteret i Alvdal er vigd til livsverket hans. Ei ny Aukrust-utstilling opna den 1. oktober 2001 i Skimuseet i Holmenkollen. Utstillinga viser Kjell Aukrust i all si breidd — både som teknar, forfattar og målar.

Kjell Aukrust fekk inspirasjonen til spelefilmen Flåklypa Grand Prix frå staden Flåklypa i Bøverdalen, få kilometer frå Lom i Ottadalen i Gudbrandsdalen. Der oppdaga han ein spesiell naturformasjon som gav honom idéen til Flåklypa-filmen.

Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og sidan den gong har det vorte ei rekkje bokutgjevingar. Fleire av bøkerne hans har vorte filmatisert med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er den største suksessen i norsk filmhistorie og vart omsett til mange språk. I 1998 vart teknefilmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa oppsett på kinoane over heile landet. Stykket Krokryggen hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 28. februar 1998.

Kjell Aukrust opptrådde ofte i NitimenNRK som figuren Edmund Bakken, utvikla i hop med Kjell Syversen, med mange beretningar om reisor med ein Harley-Davidson med sidevogn og andre kjørety i inn- og utland, blant anna til Dei andalusiske slettone. Han dødde den 24. desember 2002.

Bibliografi

(ofullstendig)

Bøker

  • Simen (historier) 1958
  • Folk & fe (humor) 1960
  • Bror min (historier) 1960
  • Dobbelsats og freske fraspark (skodespel) (oppr. Tittel Muskedunder og sirupsnipper) 1961
  • Flåklypa (humor) 1962
  • Bonden (historier) 1964
  • Je og 'n Solan (humor) 1966
  • Flåklypa Tidende (humor) 1970
  • Hilsen Solan og Nystumoen (humor) 1973
  • Flåklypa Tidende 5.årg. (humor) 1975
  • Flåklypa grand prix (m/Ivo Caprino) 1976
  • Muntre streker (tekningar, m/Audun Hetland, Pedro og Fredrik Stabel) 1977
  • Ludvig (humor) 1977
  • Humor og poesi i strek (tekningar) 1980
  • Tre små venner (historier) 1980
  • Vår humor II (historier) 1981
  • Hallstein (humor) 1981
  • Guttene på broen (humor) 1983
  • Reodor Felgen/Flåklypa Tidende nr.8 (humor) 1986
  • Lykkelig er den ... (humor) 1988
  • Reodor Felgens og min egen loggbok (intervju/humor) 1989
  • I lys av månen (utvalgte historier og hvordan de ble til) 1990
  • Slipp ham inn! (erindringar) 1990
  • Gurin med reverompa (roman) 1991
  • Emanúel Desperados (humor) 1992
  • Takk for en dag (dagbok) 1994
  • Med Melvind til OL (humor) 1994
  • En liten og en små (erindringar) 1995
  • Krokryggen (humor) 1996
  • Hallstein Bronskimlet d.a.y. (humor) 1997
  • Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (av Vibeke Idsøe, boka om filmen) 1998
  • Ludvigs jul (forteljingar) 1999
  • Tre små venner 2000
  • Solans fest, 2000
  • Aukrusts beste 2001

Skodespel

  • Dobbeltsats og freske fraspark (1962)
  • Relsafus (1968)

Filmmanuskript

Om Kjell Aukrust

  • Fleire: Jø, så fyse! En bok om Kjell Aukrust, Helge Erichsens forlag, 1989
  • Finn Jor: Galleri Aukrust, Cappelen, 1993
  • Jan Jakob Tønseth: En rar skrue. Fenomenet Kjell Aukrust, Cappelen, 2000
  • Finn Jor: Kjell Aukrust med pensel, Pantagruel, 2001

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kjell Aukrust» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.