Kiva.org
Kiva.org er ein frivillig organisasjon som har som mål å føre folk samen gjenom lån for å redusere global fattigdom. Gjenom bruk av Internett og eit verdsomspennande nettverk av mikrofinansinstitusjonar let Kiva enkeltpersonar låne ut ned til 25 amerikanske dollar (kring 150 norske kronor) for å hjelpe til med å finansiere småbedrifter eigd og drevne av personar frå låginntektsgruppor kring i verda.
Lån gjenom Kiva gjev 0 % rentor til utlånarane, og Kiva sjølve krev ikkje rentor frå låntakarane. Det finst planer om å kreve 2 % rentor frå mikrofinansinstitusjonane frå utpå året i 2007.[1] Låntakarane betalar noko rentor til dei lokale mikrofinansinstitusjonane som administrerer enkeltlåna,[2] men Kiva.org hevdar at dei held auge med kor mykje rentor som blir krevd og at dei ikkje vil arbeide med institusjonar som krev {{o}rettferdige eller obehøveleg høge rentor. Kiva-låntakarane har ein historisk tilbakebetalingsrate på 100 %.[3] Kiva arbeider med regulatorar for å kunna late mikrofinansinstitusjonar tilby variable rentor til olike låntakarar.
Kossen verkar det?
Kiva let mikrofinansinstitusjonar kring i verda avertere profilar av kvalifiserte lokale entreprenørar på Internett. Utlånarane er kem som helst som har eit kredittkort eller ein PayPal-konto. PayPal-konto treng ein elles berre når ein vel å ta ut att pengar.[4] Utlånarane les profilane på Internett og bestemmer seg for éin eller fleire entreprenørar dei ønskjer å finansiere deler av lånet til. Kiva samlar inn lånekapitalen frå desse individuelle utlånarane og overfører han til mikrofinanspartnarane sine, dei såkalla feltpartnarane, som i sin tur distribuerer pengane og administrerer låna. Etter kvart som lånet blir tilbakebetalt av entreprenøren, overfører feltpartnarane pengane tilbake til Kiva. Når lånet er heilt tilbakebetalt, kan Kiva-utlånarane trekkje tilbake kapitalen sin att eller låne han ut att til ein annan entreprenør.
PayPal tek ikkje noko gebyr for Kiva-transaksjonar.[5] Kiva distribuerer 100 % av lånet til entreprenøren. Utlånarane mottek ikkje noka rente eller annan profitt. Feltpartnaren som administrerer lånet tek rentor frå entreprenøren.
Den første framgangen
Organisasjon og arbeidslag
Sjå òg
Kjeldor
Pekarar
- Kiva.org
- KivaFriends.org - gruppe for Kiva-brukarar.
- Kiva-blogg
- Bivings-rapporten om Kiva
- Ledaren for Kiva på Clinton Global Initiative Panel
- Kiva på PBS Frontline
- Kiva-ledaren sin presentasjon til e-MBA-klassen ved University of San Francisco, 19. desember 2006
- Kiva på NPR «All Things Considered»
- Matt Flannery, Kiva CEO og medstiftar, på Digital Village Radio
- Nicholas D. Kristof: «You, Too, Can Be a Banker to the Poor», i New York Times, 27. mars 2007
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |