Kerala
Kerala (malayāḷam കേരളം, Kēraḷam) er ein delstat i India. Delstaten vart oppretta den 1. november 1956 i områda der malayāḷam var det dominerande språket i og med vedtaket av States Reorganisation Act. Han ligg lengst sør på vestkysten av India og grensar til Tamil Nadu i aust og til Karnataka i nord. I vest grensar Kerala til Lakshadweepsjøen. Delstaten har eit areal på 38 863 km². Hovudstaden og störste byen er Thiruvananthapuram (Trivandrum). Andre viktige byar er Kochi og Kozhikode, og i tillegg ligg det mange mindre byar spreidd utover Kerala.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |