Kappóres

Frå Alnakka.net

Kappóres (jid. כַּפָּרות), frå hebr. kapparót (כַּפָּרוֹת, ‘soningar’), er eit gammelt, omstridd soningsritual som først og fremst er vanleg i deler av asjkenazisk jødedom, særlig i ḥasidisk jødedom. Kjerna i ritualet er at ein svingar ein hane (för menn) eller ei høne (för kvinnor) tre gonger kring haudet medan ein les erklæringa: “Dette er bytet mitt, dette er erstatninga mi, dette er soninga mi. Denne hanen/høna går til dauden sin, medan eg kjem inn og går vidare til eit godt, langt liv og til fred.” Fuglen blir så tradisjonelt slakta eller gjeven til fattige. Helst skal han etast under måltidet rett före jonkipper (kippúr). Ei mildare utgåve av skikken er å bruke pengar i staden for levande dyr.

Skikken har vorte sterkt fordømt av dei sentrale sefardiske autoritetane, inkludert Mosjé ben Maimón (HaRaMBaM, Moses Maimonides), Mosjé ben Naḥmán Girondi (RaMBaN, Nachmanides), Sjelomó ibn Adéret (RaSJBA) og Joséf Caro. Mosjé ben Maimón pekte på at bøn og filosofisk meditasjon er åndelig betre enn dyreofring, medan dei andre tre var blant dem som meinte at kappóres var eit heidensk ritual som var i strid med ånda i jødedommen.

Kjeldor