Kalaallit Nunaanni nuna eqqissisimatitaq
Kalaallit Nunaanni nuna eqqissisimatitaq (Mal:Kalaall.) eller Grønlands Nationalpark (da.) på Nordaust-Grønland vart etablert onsdag den 22. mai 1974 og utvida til den novarande størrelsen i 1988. Med sine 972 000 km² er parken verdas største nasjonalpark.
Dyreliv
Det blir anslege at det er kring 5 000–15 000 moskusfe i området, eller kring 40 % av moskusane i verda. I tillegg er det mange isbjørnar og kvalrossar i kystområda. Andre pattedyr inkluderer fjellrev, røyskatt, nordleg halsbandlemmen (Dicrostonyx groenlandicus) og polarhare (Lepus arcticus).
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |