Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1935-1940)
Kahal Kados Bet Israel | ||
Innocentiastraße 37, Harvestehude, Hamborg | ||
Generelt | ||
Gruppe: | portugisarjødisk | |
Bygd: | 1906–1907 | |
Innvigd: | 14- mars 1935 | |
Opphørt: | 1940 | |
Arkitektur | ||
Arkitekt: | August Hinsch | |
Esnogarommet | ||
Plassar: | 90 + 40 | |
Kahal Kados Bet Israel i Innocentiastraße i Harvestehude i Hamborg vart innvigd torsdagen den 14. mars 1935 kl. 20:00 som den siste synagogen som vart innvigd i Nazi-Tyskland. Ḥakhám (rabbinar) var Selomo Rodrigues Pereira.
Esnogaen tok over for den gamle esnogaen i Zweite Marktstraße, som vart selt i 1934. Menigheita kom til å eksistere fram til 1940. På 2. Konferenz des Weltbundes der sefardischen Gemeinden i mai 1938 la menigheita fram planer om å flytte heile den sefardiske menigheita til ein eigna koloni ein annan stad i verda. Det vart dessverre ikkje noko av, og dei fleste attvarande sefardiske jødane i Tyskland vart deportert til dødsleirane...
Esnogaen vart omgjort til privatbustad att og står framleis.