Kahal Kados Bet Israel (Hamborg 1652-1842)
Frå Alnakka.net
Kahal Kados Bet Israel i Hamborg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K”K Talmud Tora, K”K Keter Tora og K”K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K”K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamborgbrannen den 5.–8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.
Tradisjonell musikk frå Hamborg-esnogaen: «Halél de Segundo Día de Pascua» (utg. 1838). |