Jul

Frå Alnakka.net
«Julaftonen»
Måleri:Carl Larsson

Jul, òg skrive jol, slik ho blir feira i Skandinavia i dag er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jól — i tillegg til enkelte trekk frå blant anna den jødiske lysfesten hanukká.

Den kristne jula blir feira over store deler av verda, særlig i kulturelt kristne samfunn, men fleire andre plassar òg. I kristendommen blir ho feira som ein fødselsdag for Jesus, men den generelle kristne jula, som den skandinaviske, har røter og trekk frå fleire andre religionar og kulturar òg. Høgtida finn stad kring vintersolkvervden nordlige halvkula og har opphav i heidenske midtvinterfestar. Ho er òg nærvarande i media og utsalsstader, gjerne i god tid före julhelga i slutten av desember eller begynnelsen av januar.

Typiske element i julefeiringa over heile verda inkluderer levande lys, festlig lag, familiesamlingar, kraftig tradisjonsmat, gjeving av og beding om gåvor og almissor, symbol som raudt og grønt, nissar, englar, stjernor og julekrybbor.

I Skandinavia blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåvor, dei fleste pyntar med juletre, og det er vanleg å halde julebord i forkant av julekvelden og juletrefest i romjula. Spesifikt kristne element som adventslysstaka, lesing av juleevangeliet og kirkjegang på julaftan er òg vanleg blant store deler av befolkninga, inkludert mange som ikkje er praktiserande kristne elles.

Fil:Juletræslys.jpg
Juletrelys
Foto: Malene Thyssen
Fil:Gifts xmas.jpg
Julegåvor.
Foto: Kelvin Kay

Ordet

Vi veit ikkje kva ordet «jul» eigentleg tyder. «Jól» vart bruka i norrøn tid; det eldste verket vi finn det i er eit hyllingskvad til Haraldr hinn hárfagri frå kring 900 der det er snakk om å «drikke jul». Ein vanleg folkeetymologi er å sette ordet i forbindelse med ordet «hjul», men dette passar ikkje med språkhistoria. Falk og Torp forklarar ordet med urgermansk *jehwla, *je(g)wla, som dei sett i samband med latin jocus (‘spøk’), og meiner ordet kan ha samenheng med saturnaliafesten. Ordet er kjent på engelsk òg i forma yule; ein laut bera inn nok ved til å vara jula ut, the yule log, og yuletide tyder framleis jultida.

tysk heiter jul «Weihnachten» (‘helignatt’). På engelsk blir høgtida oftast kalla «Christmas» (stundom forkorta «Xmas»), ei samentrekking av eldre «Cristes mæsse», og på nederlandsk «kerst» eller «kerstmis» med samma tydinga. På romanske språk blir ho som regel kalla noko som tyder ‘fødsel’, som italiensk «natal», katalansk «nadal», portugisisk «natal», fransk «noël» og kastiljansk «navidad». Frå desse orda kjem namn som Noel og Natalie, som ofte vart gjevne ått barn fødd kring juletider.

Opphav

Midtvinter i åsatrua

Juleblot

I Skandinavia har ein drukke jól i ominnelige tider. I norrøn tid samla folk seg til ein midtvintersfest som varte i kring tre dagar. Her skulle ein blote til gudane, drikke øl og leva godt. Det er oklårt nøyaktig kva dei feira med juleblotet. Det kan ha vore eit blot for god grøde eller for de daude — eller det kan ha vore ein sol- eller lysfest som motsvar til den mörke vinteren.

Juletida var prega av kontrasten mellom fest og ohygge. Medan dei drakk jol og hadde det triveleg, laut deo òg passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følgje av trollpakk og ogjerningsmenn som drog kring og skremte folk og dyr. Det er oklårt om denne skikken går tilbake til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg om lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike.

Julbukk frå Uppland i Sverige.

Julebukk

Geitebukken er eit gammelt julesymbol som vi framleis finn att i skikken med å julebukk og å pynte med halmbukkar. Dei olike skikkane byggjer truleg på Torsdyrking, dels ved å slakte ein geitebukk til jul for å få eit godt nytt år, dels ved å spela olike julespel, for eksempel eit spel der einkvann utstyrt med bukkehovud og bukkepels dødde og livna opp att.

Vidare utvikling

Da Norge vart kristna, vart det lagt vekt på å halde på gamle tradisjonar. Julefeiringa heldt fram under samma namnet, men med nytt innhald. Ein erstatta midtvintersblotet med feiringa av fødselen til Kvitekrist. Der ein tidlegare hadde laga øl og blota til dei norrøne gudane, vart ein no pålagt å bryggje øl og signe det i Jesu og Jomfru Maria sitt namn. Julbukken vart endra til ein skapning som truga i førjulstida og kunne dukke opp ved festar.

Mange av dagens julskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Blant anna kan det å sette ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Skikken med å besøkje familiegraver på julaftan har parallellar i denna eldgamle feiringa.

Romerske midtvintersfestar

Fil:ChristAsSol.jpg
Kristen mosaikk frå 200-talet der Jesus er framstilt som ein solgud.

Romarane feira den livlege saturnaliahøgtida, som var til ære for Saturn, ved å gje kvarandre gåvor og ved å eta og drikke godt og mykje. At den kristne julefeiringa vart lagt til kring samma tida som saturnaliafeiringa, hjelpte kanskje den nye religionen til å spreie seg, og det har nok òg gjort sitt til å påverke innhaldet av julefeiringa med festing og gåvegjeving.

Romarar feira òg dies natalis Solis invicti, ‘dagen for fødselen til den oovervinnelege solguden’, ved vintersolkverv, som i den julianske kalenderen fall på 25. desember. Tidlege kristne samenlikna gjerne attfødinga av sola med fødselen til den lysande frelsaren Jesus.

Jødiske element

Elektriske lysestakar med sju lys har vorte svært vanlege å pynte med under adventstida.

I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande ljøs i ein ḥanukkilje (åttearma lysestake) under høgtida ḥanukká, som allveg fell innaføre den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Detta er truleg opphavet til den firearma adventslysestakan der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.

Den sjuarma lysestakan, som ligg noko nærmare den jødiske ḥanukkiljen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland, og denne lyseMal:Stakan kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg pryd i glasa i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjenom heile desember.

Fil:Bethlehem Christmas3.JPG
Frå ei katolsk midnattsmesse i Betlehem natt til juldagen.
Foto: Darko Tepert
Fil:Mexican nativity scene.jpg
Julkrybbe frå Mexico. (Foto: H. Raab)

Kristmessa i kristendommen

Kva ein feirar i samband med fødselen til Jesus, og kva tid ein feirar det, varierer mellom olike kristne tradisjonar.

Det er osikkert kva tid fødselen vart sett i samband med midtvinteren, for det er lite i Den kristne bibelen som tyder på at Jesus vart fødd midtvinters. I Lukasevangeliet er hyrdane ute på markene om natta og vaktar over sauene, noko som tyder på at fødselen fann stad under lamminga om våren. I dei første kristne kirkjelydane feira dei ikkje Jesu fødsel i det heile teke; feiringa var knyta til dagen for Jesu oppstode. Dei første historiske kjeldone som nemner ei feiring tå fødselen til Jesus i desember kjem frå midten tå 300-talet. Dei kan ha valt datoen 25. desember fordi han ligg ni månader etter Maria bodskapsdag 25. mars, da Gud etter trua i trinitarisk kristendom skal ha vorte kroppsleggjort som Jesus. Fleire andre hendingar er tradisjonelt knyta til denna datoen; viktigast er korsfestinga tå Jesus, og det var ei vanleg oppfatting at han vart kroppsleggjort og dødde samma dagen.[1] I Roma fall fødselsfesten da samen med Saturnaliafesten, ei høgtid det passa å kombinere med julbodskapen.

Andre tidlege kristne feira hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåvor til den nyleg fødde fredsfyrsten. Datoen for dette vart sett til 6. januar, som òg vart sett i samband med dåpen av Jesus tretti år seinare. Fødselsfeiringa på juldagen var mindre viktig og fikk ein eigen liturgi først på 800-talet.

I løpet av mellomalderen vart sjølve fødselsdagen til jesusbarnet viktigare. Dei førti dagane fram til juldagen, som begynte med mortensmess, vart ei fastetid, medan jultida i kirkjeåret tok til med juldagen og varte i de førti dagane fram til kyndelsmess. Julevangeliet fekk no ei sentral rolle. Det vart vanleg å framføre det som eit spel eller framstille det i ei julkrybbe — skikkar som har halde seg til våre dagar mange stader. Songar som attfortalte historia eller prisa fødselen vart skrivne og framførte.

Opp mot vår tid er det utvikla ei rekkje skikkar med symbolsk kristeleg innhald, med eller utan anna opphav, slik som jultre, adventskalender, adventskrans og adventsstjerne.

Julfeiring

Jula blir førebudd og feira over ein periode som varierer mellom olike stader. Kva tid ein gjer kva følgjer ofte strenge tradisjonar, på samma viset som mange deler tå feiringa er svært tradisjonsbundne. Samtidig kjem det stadig til nye skikkar som stadig endrar julfeiringa.

Dei fleste land feirar jul kring den 25. desember, men nokre stader er Nikolasdagen den 6. desember viktigare, og andre stader att legg ein vekt på feiringa tå heligetrekongardagen den 6. januar. I følgje den julianske kalenderen, som blir følgt tå nokre ortodokse kirkjor, svarar elles 25. desember til 7. januar i den gregorianske.

Førjulstid

Førebuingane til jul tek til i god tid før sjølve feiringa. Julstrida er eit omgrep som viser til grundig husvask og tilreiing tå mat, gjenom for eksempel julbakst og, særlig i tidlegare tider, julslakting, til høgtida. I moderne tid er laging eller innkjøp av julgåvor og sending av julkort vorte ein arbeidskrevande og til tider stressande del av førjulstida.

Tradisjonelt begynner den norske førjulstida den 1. desember eller første søndagen i advent, men handelsstanden finn gjerne fram pynt og julvaror mange vekkor i førevegen.

Advent

Advent er begynnelsen på kirkjeåret og markerer ventetida fram mot kristmessa. Medan advent tek til den fjerde søndagen føre jul i vestlege kirkjor, varer han i heile førti dagar i den ortodokse kirkja. I kirkjor med liturgiske fargar er lilla den vanlegaste fargen, men blått og rosa blir noko bruka òg.

I dei katolske og ortodokse kirkjone inneber adventstida ein fasteperiode som motsvar til fastetida føre påske. Tida kan òg markerast med tenning tå adventsljøs heime og i kirkja, både med levande ljøs i adventskransar med og elektrisk ljøspynt som adventsstjernor, juletreljøs og adventsljøsestakar. Ein utfører mange handlingar som kan vera med på å byggje opp forventing, som å ha julekalender, gradvis laga ei julekrybbe eller tenne eitt nytt adventsljøs kvar søndag.

Pikkujoulu

I Finland feirar ein pikkujoulu eller lillajul laurdagen føre advent tek til. Detta er ei «lita» julefeiring med eit lite juletre og med enkle gåvor til dei minste som ein forsmak på julaftan.

Sinterklaas

Fil:Sinterklaas zwarte piet.jpg
Sinterklaas og Zwarte Piet i Nederland.
Foto: Michell Zappa

5. og 6. desember er ei gåvehøgtid til minne om den gåvmilde biskopen Nikolas av Myra, feira særleg i Nederland og Belgia, men også i andre tysk- eller fransktalande område eller land, og dessutan i nokre austeuropeiske land. I samband med denna feiringa deler ein tenkt eller utkledd Nikolas ut gåvor, enten kvelden före eller om morgonen den 6. desember. «Biskopen» kjem til landet med båt kvart år ein gong i november til stor mediedekking. I tida fram mot nikolasdagen kan ungar finne snop i skorne sine om dei stiller dei opp ein spesiell stad med fôr til hesten hans oppi.

Día de las Velitas

7. desember er Día de las Velitas (‘levande ljøs-dagen’) i Colombia til ære for den syndfrie unnfanginga til jomfru Maria. Denna kvelden tenner ein levande ljøs og lanterner over alt, medan dagen etter er ein offentleg høgtidsdag. Ljøsdagen er til minne om dogmeerklæringa om den syndfrie unnfanginga gjort tå pave Pius IX i 1854.

Lucia

Luciadagen blir feira den 13. desember og er i dag særleg viktig i Sverige. Dagen blir markert med luciasong, born kledde i kvitt, gjerne pynta med luciakroner eller glitter, og berande på levande ljøs og lussekatter. Han har røter både i den katolske dyrkinga tå Sta. Lucia og i norrøn feiring tå vintersolkvervet. Samtidig er han ein relativt ny tradisjon; han vart først attoppliva i Sverige heilt mot slutten tå 1800-talet og spreidde seg til resten tå Skandinavia kring 1950-åra.

Las Posadas

Den meksikanske høgtida Las Posadas (‘herberga’) tek til den 16. desember og blir feira til minne om Maria og Josef si leiting etter ein stad å bu i Betlehem som blir fortalt i juleevangeliet. Høgtida blir markert i dagane fram til den 24. desember gjenom opptog med statuar tå Josef og Maria og levande ljøs, der dei som går syngande ber om å få komma inn i eit visst hus. Dei blir nekta inngang i to hus, men i det tredje, der festen skal haldast, får alle komma inn. I mange nabolag gjer ein det slik at olike hus steller til fest kvar dag for alle.

Litlejulaftan

Dagen før julaftan, 23. desember, blir kalla litlejulaftan i Noreg. Tradisjonelt vart dagen kalla torlaksmess eller tollesmess. Tollesmessdagen gjorde dei reint i husa, bytta sengehalm og la reint på sengene. For mange er det tradisjon å pynte juletre denna dagen og gjera dei siste førebuingane føre sjølve julaftan. Dei siste åra har litlejulaftan vore den dagen i året at butikkane har hatt størst omsetting, som følgje tå julehandelen.

I Oaxaca i Mexico er dagen kjend som Noche de Rabanos, reddikkvelden, etter ei mengd raude og kvite reddikar som blir skorne ut i jule- eller andre motiv til denna kvelden.

Julehelga

Julekvelden

Carl Larsson: “Julaftonen” (akvarell, 1904–05)

I land som feirar jul hovudsakleg på juledagen er detta den siste store klargjeringsdagen. Om kvelden kan ein møtast til store måltid eller gå ut og feire dagen.

Julekvelden den 24. desember blir rekna som den første og viktigaste dagen i jula i fleire land, sjølv om den kirkjelege høgtida og fødselsdagsfeiringa til Jesus tek til den 25. Ein trur detta er fordi at midnattsmessa, som opprinneleg begynte klokka 12 natt til juledagen, vart flytta fram i tid til ettermiddagen på julekvelden mange stader. Julaftan er hovudjuledagen i Skandinavia, Polen, Portugal, Quebec, Russland, visse deler tå Tyskland, Sveits og Austerrike, der ein opnar julegåvor om kvelden, og i Italia, der ein opnar julegåvone om morgonen. I Noreg går mange til kirkja denna dagen, og det er vanleg å tenne lykter på gravene til nære slektningar. Klokka fem på kvelden kimar alle kirkjeklokkene, ein ringer jula inn og julehelga tek til.

Til middag på julekvelden et ein tradisjonell mat, og dei fleste har det samma til julemiddag år etter år. I Noreg midt i 2000-åra var svineribbe og pinnekjøt dei vanlegaste hovudrettene med julepølse og medisterkake som dei viktigaste tilleggsrettene.[2] Det er vanleg å eta til ein blir meir enn mett, og det blir seinare servert dessert. Risgraut eller riskrem med mandel i kan serverast på julaftan eller tidlegare i førjulstida.

På julekvelden sitt ein heime samen med familien og opnar julegåvor. Som regel går ein rundt treet og syng julesongar før pakkane kan opnast, og mange stader må ein vente til julenissen — som regel ein utkledd person frå selskapet — kjem innom og startar gåveutdelinga. Nokre stader, som i deler tå Tyskland og Aust-Europa, er det ikkje ein gammel mann, men jesusbarnet sjølv som deler ut gåvor.

Juledagen

Juledagen, eller første juledag, blir i Noreg oftast feira med juledagsmiddag — eit måltid som er noko mindre tradisjonsbunde enn julemiddagen på julekvelden. Juledagsmiddagen er likevel eit utprega familiemåltid, og det er sjeldan ein går på besøk i grannelaget på juledagen. Om ein bryt denna skikken kan ein bli kalla med utnamn som juldagspetter eller liknande.

Andre juledag

Andre juledag har tradisjonelt vore dagen for dei store familiesamenkomstane i Noreg. På bygdene er det ofte offentleg fest om kvelden. I byane er det ein stor premieredag for kinofilmar. Medan andre juledag er heligdag i Noreg, er han arbeidsdag i mange land, og romjulssalet tek til denna dagen der.

Romjula

Dagane mellom julehelga og nyårsaftan blir kalla romjul. Sjølve ordet «romjul» kjem frå norrønt «rúmheilagr», som tyder «noko ein ikkje treng å halde strengt helig». Romjul er ikkje kjent frå andre kristne kulturar enn den nordiske, men har ein parallell i ḥol hammongéd i jødedommen. I denna tida er det vanleg å halde juletrefestar og gå julebukk. I takt med at mange juleelement er flytta framover i tid, har romjula mista mykje tå tydinga si,[3] og mange går på arbeid som vanleg etter at julehelga sluttar.

Hogmanay

Hogmanay, den skotske nyårsfeiringa som tek til 31. desember, er ei viktig høgtid i Skottland, og var fram til midten tå 1900-talet rekna som langt viktigare enn julehelga. Tradisjonelt var det i samband med denna feiringa at ein delte ut gåvor.

Día de Los Reyes

Fil:Cabalgata de Baltasar.JPG
Julefeiring med vismannen Baltasar i Spania.
Foto: Emijrp

Helige tre kongar blir feira den 6. januar med julegåveopning i Spania, som har detta som einaste gåvedagen, og i visse andre spansktalande land, der ein gjev gåvor både på juledag og på kongedagen.

Slutten på jula

Kva tid jula sluttar, varierer mellom olike kulturar. I dag er det ofte nyårsfeiringa og nyårsdagen 1. januar som avsluttar jula. Juletrefestar blir gjerne haldne fram til helige tre kongars dag, eller trettandedagen.

I Storbritannia har jula tradisjonelt vart i tolv dagar etter juledagen. Ho endte med Twelfth Night den 5. januar, og svarte til juletida feira i kirkja.

I Skandinavia varte høgtida heilt til 13. januar eller tjuandedag jul (òg kalla Knuts dag). Sjølv om moderne juleferiar som regel er over ved denna tida, feirar ein framleis dagen med julgransplundring i Sverige.

I deler tå Noreg vart julefeiringa avslutta med «kjerringjuldagen» ved kyndelsmesse den 2. februar. Da var mannfolka reist på fiske, og kvinnfolka kom samen og åt opp det som måtte vera att tå julematen.

Problem med jula

Det er knytt mange gode kjenslor til julehøgtida, men ho har òg sine problem, og det er retta kritikk mot olike trekk ved feiringa.

Kontrastar

Julefeiringsidealet legg vekt på familieband, venskap, god tid og overflodmat, drikke og materielle gode. For dei som manglar noko tå detta kan høgtida føre til stress, sakn og depresjon.

Jula etter eit dødsfall i familien blir rekna som hard på grunn tå holet etter dei i familiesamlinga. I familiar som er splitta gjenom samlivsbrot kan valet tå kvar ungar skal feire dei viktigaste høgtidene vera vanskeleg. Elles kan det å ikkje ha nære slektningar føre til ei einsam julefeiring for mange.

Kontrasten mellom julaftan for de rike og den samma høgtida for de som har lite er vorte skildra i verk som «Karens jul» tå Amalie Skram. Charles Dickens kritiserte mangelen på omtanke for andre i si skildring tå gniaren Scrooge i A Christmas Carol.

Fil:N001069.jpg
Mann i nissedrakt samlar inn pengar til inntekt for fattige i Chicago i 1902.

Ein juletradisjon der ein prøver å rette litt opp i olikheitene mellom fattig og rik er å gje almissor, som mat og gåvor til trengande, eller pengar til veldedige organisasjonar. I 2000-åra har det vorte nokså vanleg å gje utviklingshjølp på vegner tå andre som julegåva ått dem, ved at det for eksempel blir gjeve ei geit i deras namn til ein familie i eit utviklingsland.

Forsøk på å få bukt med einsamheit i jula kan gå ut på å arrangere felles julesamlingar for einslege, tilby kontakttelefonar, og oppfordre folk til å ta kontakt med nånn de ikkje har snakka med på ei stund.

Motstand mot julefeiringa

Jula utvikla seg som høgtid trass i at nokre tidlege kristne teologar, som Origenes, var imot feiring tå alle fødselsdagar og særleg den til Frelsaren. Under reformasjonen vart feiringa sett på som ei katolsk høgtid og nokre stader forboda, som i England (1647–1660) og i Boston (1659–1681). Ein del kristne rørslor, som Jehovas vitne, ser framleis ikkje på jula som kristen, og dei feirar ho dermed heller ikkje.

Også kristne som feirar jul kan kritisere kommersialiseringa og sekulariseringa av høgtida og prøve å legge meir vekt på den kristne julebodskapen. Derfor er det starta aksjonar for å «ta jula tilbake». Både blant kristne og innaför miljørørsla blir det hevda med styrke at verda ikkje treng nånn kjøpefest. For å markere detta har dei prøvd å organisere ein kjøpefri dag føre jul.

Fil:SeasonsGreeting-English&Russian.png
«Season’s Greetings» på eit julepynta kjøpesenter i Hong Kong.
Foto: Alan Mak

Folk som hører til andre religionar enn den kristne kan reagere mot det overdøvande nærveret tå jula og Jesus-dyrkinga som hører med i mange vestlege samfunn. For å imøtekomma slik kritikk finst det blant anna julekort med «nøytrale» helsingar på (slik som «Happy Holidays» (‘gledeleg høgtid’), eller «Season’s Greetings» (‘høgtidsønske’)). Detta møter i sin tur motstand både frå kristne som meiner at kristmessa er den einaste jula og frå ikkje-kristne som reagerer på at dessa høgtidsønska mesta allveg berre blir lagt til den kristne jula kring 25. desember.

Sjå òg

Pekarar

Kjeldor

  • «Christmas» og tilstøytande artiklar på Engelsk Wikipedia
  • «Jul» på Svensk Wikipedia
  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
  1. [http://www.newadvent.org/cathen/01542a.htm Catholic Encyclopedia
  2. Bugge, Annechen Bahr: Julens mat og måltider (Fagrapport nr. 1-2006, SIFO)
  3. «Men julebukken var ikke død» på forskning.no


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Jul» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.