Joseph Solomon Del Medigo

Frå Alnakka.net
Ioseph Del Medigo. (Portrett ved W. Delff)

Joseph Solomon Del Medigo (15911655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof.

Liv

Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i CandiaKreta som son ått Elijjáhu, rabbinaren i Candi. Joseph fikk ei grundig jødisk så vel som verdslig utdaning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammel, studerte han logikk, naturlig filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei. Medan han studerte i Padua drog han ofte til Venezia og besøkte Leo da Modena, som kom til å få stor innflytelse over han. Da Del Medigo vendte attende til Candia, viste det seg snart opraktisk for honom å vara der med si fritenking og sin preferanse for sekulære emne. I mange år førte han eit omflakkande liv: Først reiste han til Kairo på jakt etter bøker for det innhaldsrike biblioteket han hade. Der hadde han samkvem med karaittiske tenkjarar, og særlig med ḥakhámen deras, Jacob Iskandari, som han skreiv arbeida sine om mekanikk på oppdrag frå. I Kairo triumferte Del Medigo over ein viss muslimsk professor i ein offentlig debatt om matematikk. I Istanbul òg, der han studerte kabbalá, hadde han først og fremst kontakt med karaím. Han reiste derifrå via Vallachia og Moldavia til Polen og Litauen. I Vilnius vart han tilsett som dokter for prins Radziwil kring 1620. Det var ein storhendelse at nånn med slikt vidtfemnande intellekt viste seg i Vilnius. Blant elevane hans kan nemnast Mosjé ben Meír frå Metz. Ein karaitt, Zeraḥ ben Natán frå Trakai, retta ei rekkje spørsmål om vitskaplige emne til Del Medigo. Svara på dessa spørsmåla vart samla i boka Elím.

Etter nokre år i Litauen og Polen reiste Del Medigo til Hamborg, der han verka som rabbinar eller predikant for det relativt nyetablerte sefardiske samfunnet. Ein pestepidemi gjorde at han flytta til Glückstadt. Derifrå flytta han så til Amsterdam og verka som rabbinar der nokre få år. Kring 1630 slo han seg ned i Frankfurt am Main, der han frå 1631 verka som dokter. I 1648 slo han seg endelig ned i Praha og vart buande der til han dødde i 1655.

Verk

Joseph Solomon Del Medigo skreiv fleirfaldige vitskaplege verk. Dei fleste av dem er berre kjent frå hans eiga liste over verka sine. Denne lista kan innehalde enkelte doblingar, ettersom det ikkje allveg er muleg å skilje mellom bøker som hadde samma namnet:

(Meir kjem...)

Kjeldor

Mal:Q2