Johan Turi
Frå Alnakka.net
Johan Turi (1854–1936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vara den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk.
Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis truleg det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti olike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.
Ei viktig inspirasjonskjelde for Turi var den danske antropologen Emilie Demant Hatt, som sette han på idéen om å skrive ei bok om samane, og som omsette boka til dansk òg.
Dei siste åra har interessa for Johan Turi auka. Blant anna hadde universitetet i Umeå symposiumet Indigenous author - indigenous authority med Turi som tema i april 2004, og ein film om han hadde premiere i Kiruna den 3. november 2005.
Bibliografi
- 1910 - Muitalus sámiid birra
- 1920 - Sámi deavsttat – samiska texter
- 1931 - Duoddaris – från fjället
Litteratur
- Kuutma, Kristin: «Collaborative ethnography before its time : Johan Turi and Emilie Demant Hatt», i Scandinavian Studies, June, 2003
Pekarar
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Johan Turi» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |