Johan Henrich Berlin

Frå Alnakka.net

Johan Henrich Berlin (17411807) var ein organist og produktiv klassisistisk komponist frå Trondheim. Av de bevarte verka etter honom kan nemnast to sinfoniaer, ein leilegheitskantate, ein sonate for fiolin, cello og klavér og ein del pianomusikk, inkludert ein sonate og ein sonatine.

Berlin var organist i Vår Frue kirkje frå 1772 til 1788.
Foto: Olve Utne

Johan Henrich Berlin vart fødd i 1741 i Trondheim som son ått Dorothea Berlin og komponisten Johan Daniel Berlin og døpt i Nidarosdomen søndag den 1. september samma året.[1] Johan Henrich fikk musikkundervisning av far sin og fikk tidleg vikariat som organist. Han fikk stilling som organist ved Hospitalskirkja alt 17 år gammel, og i 1772 vart han tilsett ved Vår Frue kirkje. J.H. Berlin var med i Det Trondhjemske Musicalske Selskab frå det vart stifta i 1786, men slutta der etter eit års tid. I 1788 tok han over stillinga som domorganist i Nidarosdomen da far hans dødde, og han beheldt denna stillinga resten av livet. Johan Henrich Berlin dødde i Trondheim i 1807 og vart gravlagt frå Nidarosdomen torsdag den 10. september.[2]

Lytteeksempel:
Adagio-innleidinga frå 1. sats av “Sonatina” av J.H. Berlin.

Utom gjerninga som menigheitsorganist ser det ut til at han først og fremst dreiv med komponering. Ut frå annonsar frå 1788 og 1791 og andre lister ser vi at han må ha skreve minst 59 verk. De fleste av dessa er dessverre gått tapt, men av de verka vi kjenner til, ser vi at stilen hans ligg i området förklassisk til tidleg klassisk stil.

Bevarte verk

Vokalverk

Orkesterverk

Kammermusikk

  • Sonate for fiolin, cello og klaver

Pianomusikk

Fotnotar

Kjeldor

  • Grinde, Nils: Norsk musikkhistorie : hovedlinjer i norsk musikkliv gjennom 1000 år. Oslo : Universitetsforlaget, 1971.