Jamtgeit
Frå Alnakka.net
«Jamtgeit» i ordlista | |
|
Jamtgeit (sv. jämtget) er ein gammel geitrase frå Jamtland og Herjedalen. Jamtgeita er den minste skandinaviske geitrasen; geiterne veg normalt 25–30 kg og bukkane veg normalt 50–60 kg. På let er jamtgeita oftast kvit; gjerne med mørk ryggål og mørk maske og føter. Dei kan òg vara brokote eller brun/viltfarga. Både geiterne og bukkane har oftast horn. Rasen er utryddingstruga. I 2007 var det registrert 387 jamtgeiter i genbanken.