Ivar Aasen: «Vit og tru»

Frå Alnakka.net

«Vit og tru»
av Ivar Aasen

  1. Me høyra stundom så stort eit ord
    um alt, som folk tykkjast vita
    um liv og lagnad, um himmel og jord
    og alt, som man kan gita.
    Eg ottast, alt, som me vita fullt,
    er litet mot alt, som fyr’ oss er dult.
     
  2. Eit frækorn fell av eit tre i mold,
    det sjølv til eit tre seg lagar
    med diger stuv og med fager koll,
    som høgt i vinden svagar.
    Kven vilde vel tru, når han ikkje såg,
    at all den kraft inn-i frækornet låg?
     
  3. Me sjå kring um oss eit liv so rikt,
    i tusund skap det seg rører.
    Det unge dyr er det gamle likt,
    og lystigt sitt liv det nører.
    Kvat er detta livet? Kor kom det der,
    og kvar verd det av det, når ut det fer?
     
  4. Me sjå ei sol, som sender oss dag
    og jamstødt søkker og spretter.
    Det gjenger kvart år med same lag,
    med vår og sumar og vetter.
    Kor lenge gjekk det vel so som no?
    Kor lenge skal det vel ganga so?
     
  5. Me sjå uti rømdi so stor ein kring,
    der stjernor i natti yrja;
    og vetterbrauti stend som ein ring,
    der framande himlar byrja.
    Seg, er det vel einstad ein ende på?
    Og kvat er so utanfyr’ enden då?
     
  6. Nei, vesle vitet det rekk ikkje til,
    ei tru må stydja upp-under, —
    ei tru, som trøysta og styrkja vil
    i myrke, stormande stunder.
    Eg vonar, den visdomen hjelper mest,
    som med slik ei tru kunde semjast best.
     

Ordforklaringar

  • lagnad, skjebne.
  • ottast, frygte.
  • stuv, stamme.
  • skap, skikkelse.
  • nøra, styrke, optænde.
  • rømd, et aabent rum.
  • vetterbraut, (eg. vintervei) melkeveien.
  • semja, passe sammen.

Kjeldor

Pauss, B. & Lassen, H.: Læsebog i modersmaalet. Den mindre udgave. Sjette bind. Tredje oplag. Kristiania (Th. Steen & Alb. Cammermeyers Forlag), 1896.