Israel Ruong
Israel Ruong (f. 26. mai 1903, d. 6. april 1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet.
Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførleg skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Fagleg sétt arbeidde Ruong elles med olike aspekt av samiske språk òg, og særleg med morfologien. I 1943 tok han doktorgraden med avhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. Mellom 1947 og 1967 arbeidde han som nomadskolinspektör.
Ruong var dosent i samiske språk og etnologi ved Uppsala universitet i perioden 1949-1969 og fikk eit personleg professorat i 1969. Israel Ruong var ein av dem som tok initiativ til Nordisk samisk institutt, og han arbeidde for å opprette ein samisk institusjon i Umeå. I lag med honom Knut Bergsland var han opphavsmann til Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948. Med den nye rettskrivinga gav Ruong ut læreboka og grammatikken Min sámegiella (1970).
Ruong var òg med i samepolitikken og i grunnlegginga av SSR, Svenska samers riksförbund, i 1950. Han var leiar for SSR 1959–1967. I perioden 1960–1973 var han redaktør for avisa Samefolket.
I 1983 stifta Nordisk samisk institutt Israel Ruong-stipendiet. Det blir utdelt ein gong i året til ein forskar som arbeider med forskningsmessige problemstillingar innafor eitt eller fleire av felta professor Israel Ruong arbeidde med.[1]
Bibliografi i utval
- Studier i lapsk kultur i Pite lappmark och angränsande områden(1944)
- Formlära (1957)
- Niilas ja su sii'da (1965)
- Dovdagat ja bargot (1967)
- Samerna (1969)
- Min sámegiella (1970)
- Index till samefolkets egen tidning-Samefolket 1918-1973 (1985)
Kjeldor
Pekarar
Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Israel Ruong» frå Svenska Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida. |