Ingvar Hestnes

Frå Alnakka.net

Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør.

Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867).[1] Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.

Han spela folkemusikk frå Nordmør med hovudvekt på tradisjonen etter Holger Aresvik, Hallvard Ørsal og Erik Almhjell, og han sette eit sterkt personlig preg på slåttane gjenom spelestilen sin. Ein av de slåttane han sette mest preg på var den som var kjent som «Bruramarsj frå Valsøyfjord», men han hadde òg ein eigen, ekspressiv vri på sunndalsslåtten «Grølislåtten». I tillegg spela han ein del gammeldans og laga ein del eigne melodiar — slik som valsane «Drømmaren» og «Fjellvandraren».

I kappleikssamenheng har han vunne 1. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal), 2. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken 1967 og 1969) og 2. premie i vanleg fele (Distriktskappleiken 1968, Fylkeskappleiken 1971). Ingvar Hestnes dødde den 27. februar 1990.

Fotnotar

Kjeldor