Hosjangna rabbá
Hosjangna rabbá (aram. הוֹשַׁעְנָא רַבָּא) fell på den sjuande dagen av sukkót. I den spesielle hosjangna rabbá-gudstjenesta i synagogen går menigheita sju gonger kring tebáen med luláben og etrógen — og i portugisarjødiske menigheiter òg alle sefarím (torárullane).
Hosjangna rabbá blir rekna som den siste av soningsdagane under dei høge helgedagane, og i sefardiske menigheiter seier ein tradisjonelt seliḥót føre sjaḥarít (morgongudstjenesta).
Pekarar
Video frå YouTube | ||
|