Honing

Frå Alnakka.net
Honning.

Honing /"hɔn.ɪŋ/ (nyn./bm./da. honning; sv. honung) er ei sukkerhaldig løysning med tjuktflytande til fast konsistens. Honing blir framstilt av honingbior som samlar nektar frå blomstrar. Omdaninga frå nektar til honing skjer ved at bione tilsett nektaren sitt eige kjertelsekret. Bior kan òg ta til seg honingdogg utskilt frå bladlus og andre plantesugarar. Den honingen blir kalla bladhoning, skogshoning eller lushoning.

Voksplator.
Foto: Merdal

Søtemiddel

Bione lagrar nektar tilsett enzym i vokskakor eller vokstavlor. Når vassinnhaldet i nektaren blir redusert blir honingen til. Birøktaren kan hente ut tavlone frå kuben. Tavlone blir plassert i ei honingslyngje (ein type sentrifuge), og honingen blir slyngt ut av tavlone. Bione får sukkervatn som erstatning for honingen, og dét blir vinterfôret for bione.

Honing har en høgare søtningsgrad enn vanleg sukker. Det vil seie at vi kan bruke ei mindre mengd honing for å oppnå like mykje søtsmak som om vi brukar sukker. Honing inneheld i hovudsak dei to monosakkarida glukose og fruktose, i tillegg til sukrose, maltose og melizitose. Det høge fruktoseinnhaldet gjer at vi får eit jamnare og meir stabilt blodsukkerinnhald etter inntak av honing enn etter inntak av sukker.

Honing kan brukast som erstatning for sukker i matlaging og kan for eksempel brukast i marinadar og kakor. Det finst både flytande og fast (krystallinsk) honing. Flytande honing har eit naturleg høgare innhald av fruktose, noko som gjer at krystalliseringsprosessen går seinare. All honing er flytande når han kjem frå bikuben. Nån honingtypar krystalliserer raskt, andre brukar lang tid. Honing er sterkt hygroskopisk, det vil seie at han har evnen til å ta til seg vatn når han blir utsett for fuktige omgivelsar. Dette fenomenet kjenner dei fleste som har baka honingkake til: Honingkaka er kjent for å bevara fuktigheita og blir sagt å bli betre etter lagring. Dét kjem av dei hygroskopiske eigenskapane til honingen. Honing er òg ein hovudingrediens i mjød.

Næring

Enzym i honingen hjelper fordøyelsen av annan mat. Ved å eta honing får vi dessutan i oss sporstoff som kroppen har bruk for. Mineralane i honing dekkjer eit omfattende register – faktisk kan vi finne alle elementa i skjelettet her. Innhaldet av mineralar i honing er likevel så lite at det berre blir rekna som sporstoff. Innhaldet av mineralar varierer frå honingtype til honingtype. Mörke honingar som bladhoning og lynghoning inneheld ofte meir mineralar enn lyse honingtypar. Ein må ikkje gje honing til ungar som er under 12 månader gamle, ettersom honingen kan innehalde endosporar av bakterien Clostridium botulinum, som kan formeire seg i tarmen på ungen og utløyse botulisme.[1]

Naturmedisin

Honing har lang tradisjon i naturmedisinen. Det skal vara påvist at honing har sårheilande og antiseptiske eigenskapar. Dét kjem seg av at honningen har låg vassaktivitet, noko som gjer at mikroorganismar ikkje får det vatnet dei treng til å vekse og formeire seg.[2] Den låge pH-verdien på mellom 3,2 og 4,5[3] er òg med på å gjera forholda dårlegare for bakteriar. Nyare forsking har òg vist at honing har betre hostedempande effekt enn reseptfri hostesaft.

Typar honing

Honingen vil ta smak etter den kjelda til nektar bione har hatt. Det kjem an på årstid og plassering av kuben. Birøktarane flyttar gjerne kubane i løpet av året (kalla vandring), avhengig av kvar det er høgsesong for nektar. I Norge er det vanlegast å vandre til lyngtrekk på hausten. Ei blanding av olike nektarkjeldor gjev grobotn for lokale variantar, og produsenten kan òg blande fleire typar for å få fram gode smakar. Eit vanleg merkenamn for ein mild honing er «blomsterhoning», medan spesielle typar som «lønehoning» berre blir produsert i småe mengder med nån få produsentar. I Norge er «lynghoning» eit anna kjent merkenamn. Det er honing der nektaren kjem frå røsslyng. Lynghoningen har ein sterk smak som vil vara framtredande sjølv når han blir blanda med mildare honingar. Lynghoningen skil seg òg ut i konsistens – han er såkalla tixotrop. Det vil seie at honingen, sjølv om han er flytande, «sett seg» når han får stått ei stund. Da blir han geléaktig og mistar evnen til å flyte. Ved omrøring vil lynghoningen bli flytande att, og ved ny bortsetting blir han geléaktig att. Etter slynging blir lynghoningen rørt slik at han blir fast (krystallinsk), slik tradisjonen for honing er i Norge.

Honing frå nektaren til klokkelyng er ein annan honingtype med særeigen, karamellaktig smak. Den honingen skil seg ut ved å vara den einaste honingtypen i Norge som ikkje krystalliserer seg over tid. Klokkelynghoningen held seg blank og flytande over tid. Klokkelyng blomstrar berre når temperaturen er over ei viss grense, så leveranse av klokkelynghoning vil variere frå år til år. Klokkelynghoningen er i likheit med lynghoningen tixotrop.

Såkalla skogshoning/bladhoning er i overvegande grad laga av honingdogg som blir utskilt av bladlus og andre spesialiserte plantesugarar.[4] Plantesugarar punkterer silrørsveva på plantone for å skaffe seg proteinar og sukker. Silrørssafta inneheld mykje meir sukker enn plantesugarane har bruk for, derfor let dei det meste av sukkersafta passere kroppen, og dei utsondrar småe dropar på bladverk og barnåler. Bione hentar honingdogget derifrå og tek det med det inn i kuben. Honingdogg har lågare vassinnhald enn nektar, men inneheld meir mineralar og proteinar. Skogshoning/bladhoning er ofte mykje fyldigare, mørkare og meir aromatisk enn honing basert på nektar, og i barskogar er det vanleg at han har smak av furunål. Derimot kan ikkje bione hente næring direkte frå furu eller gran, ettersom dei trea ikkje produserer nektar.

Utanlandske honingar er ofte flytande, ettersom dei har et lågare glukoseinnhald enn den norske, krystallinske varianten. Desse honingane inneheld tilsvarande meir fruktose. Ein vanleg type flytande honing vi finn i norske butikkar er akasiehoning, som er lysare, mildare og søtare.

Fotnotar

  1. Mal:Citation
  2. Lansing Prescott, John P. Harley, Donald A. Klein (1999). Microbiology. Boston: WCB/McGraw-Hill. ISBN 0-697-35439-3. 
  3. Mal:Citation
  4. http://www.bio.no/bio/enbiolog/topic.asp?TOPIC_ID=4079 Bier og Pollinering, 03. mar 2007

Pekarar

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Honning» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.