Hoggorm

Frå Alnakka.net
Hoggorm
Nærbilde av hoggorm. Foto: Zdeněk Fric
Nærbilde av hoggorm.
Foto: Zdeněk Fric
Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Reptilia
Orden: Squamata
Familie: Viperidae
Slekt: Vipera
Art: V. berus

Ein hoggorm (nyn./bm. hoggorm, bm./sv. huggorm, da. hugorm), lat. Vipera berus, er ein av over 200 artar i hoggormfamilien (Viperidae). Han er mest utbreidde ormen i verda, den einaste arten i hoggormfamilien som hører heime i Nord-Europa og den einaste viltlevande giftige ormen i Skandinavia. Han finst i heile Sverige med unntak av eit lite område aller lengst nord, og i Norge er det funne hoggorm så langt nord som til Rana kommuneHelgeland.

Utbredelse

Av alle ormeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbredelse. Han finst i nær sagt all slags terreng, opp til ca 3000 meters høgd over havet. Han lever over det meste av Europa og Asia, frå Storbritannia i vest til kysten av Kina i aust, og godt nord for polarsirkelen mange plassar. I Norge finst hoggormen nordover til Helgeland; det nordlegaste enkeltfunnet er gjort i Rana.[1]

Utsjånad

Det er vanleg å finne hoggorm på skogsvegar, som denne ormen på vegen opp GullsteinsdalenTustna.
Foto: Olve Utne
Svart hoggorm.
Foto: Artur Mikołajewski

Hoggormen er normalt lett å kjenne att på sikksakkmønsteret han har på ryggen, men på dei mørkaste eksemplara kan mønsteret vara vanskeleg å sjå. Hoggormen finst i olike fargekombinasjonar. Hoone har ofte ein brunaktig botnfarge og svart mønster, mens hannane har ein meir gråleg botnfarge. Unge hoggormar kan vara mørkbrune; farga dei får som vaksne kjem ikkje allveg føre dei er nån år gamle.

Somme individ er svarte. Det skyldest ein pigmentfeil og ser ikkje ut til å vara arveleg. Dei svarte individa har dårlegare kamuflasje, men vil til gjengjeld bli raskare oppvarma i solsteiken enn dei lysare eksemplara. Det kan forklara korfor svarte hoggormar er vanlegare å treffe på i dei nordlegaste delene av utbreiingsområdet enn i dei sørlegaste.

Ein vaksen hoggorm veg 150–200 gram og blir vanlegvis 50–70 cm lang, men han kan bli opptil 90 cm. Hoa er litt større enn hannen. På Nordmør vart det ein gong målt ei hoe på 89 cm. Hoggormen kan bli opp til 20–25 år gammel.

Hoggormen har to gifttenner fremst i overkjeven. Sjølve gifta blir laga i spyttkjertlar i Mal:Nakkan og blir oppsamla i ei flaskeforma holo omgjeven av kraftige musklar. Derfrå blir ho ført fram til tannspissane gjenom ein kanal i overkjeven og tynne rør i tennerne. Gifta er ei blanding av olike enzym og liknar litt på magasyre. Ho har to funksjonar: Dels skal ho drepa byttet og dels skal ho framskynde nedbrytinga av det etter at ormen har svelgt byttedyret.

Som andre ormar kan hoggormen ikkje høre, men han oppfattar lyd som vibrasjonar i marka. Han har veldig god luktesans.

Åtferd

Hoggorm i lyset.
Foto: Zdeněk Fric

Hoggormane er vekselvarme dyr, det vil seie at dei blir oppvarma av lufttemperaturen kring seg og solstrålinga som treffer dem. Når det er kaldt i vêret, vil dei vara trege i rørslone. Da kan ein ofte finne dem på steinar eller stubbar i solskinet, der dei prøver å få opp kroppstemperaturen. Om ein opplever å sjå ein hoggorm, vil det ofte vara på vegen. Det er fordi dei blir tiltrekt av den varme grusen eller asfalten som dei brukar til å varme seg på.

Hoggormen liker seg godt i lyng med berre fjellflekkar imellom, spesielt der det er varmt og solrikt. Han trivst ikkje på fuktige plassar, men må ha tilgang til vatn i nærheita. På nordlege breiddegrader, som for eksempel i Skandinavia, er hoggormen mest aktiv om dagen, eventuelt morgon eller kveld. Han er òg flink til å klatre og kan godt klatre i tre.

Hoggormen er ikkje aggressiv, og når han vêrar menneske satsar han ofte på at kamuflasjefargone gjømmer han føre han prøver å flykte. Ein kan komma så tett innpå som eit par meter føre han stikk av. Om hoggormen ikkje har nån sjanse til å komma seg unna, vil han normalt først krølle seg ihop og kvese som ei siste åtvaring. Han bit berre om han blir overraska eller provosert og ikkje kan komma seg unna. Det kjem truleg av at det er energikrevande å laga gift og at han helst vil spara på kreftene. På grunn av at han har ein tendens til å stole på at kamuflasjen fungerer, skjer det ofte at menneske som ønskjer det tar livet av honom.

Hoggormen overlever maksimalt ein halv time i kuldegrader, så i dei kaldaste delene av leveområdet, som i Skandinavia, ligg han i dvale om vinteren. Som regel samlast det fleire individ, opptil mange hundre, som overvintrar i lag. Dei går i hi i oktober. Hia finn dei i frostfrie jordholor og steinrøyser, gjerne i sørhellingar utan for mykje vegetasjon slik at bakkan blir fort oppvarma av sola om våren. Dei kjem ut av hiet att i april eller mai. Hannane kjem ut to til tre vekkor føre hoone. Nån dagar etter at dei har komme ut av hiet, skiftar dei ham — det vil seie at det ytre hudlaget losnar og vrengest av. Deretter kan dei ha eitt eller fleire hamskifte i løpet av sommaren.

Mat

Kosthaldet består for det meste av smågnagarar og spissmus, men stålormar og amfibium som froskar og firfislor er òg viktige i kosthaldet til hoggormen. Når sjansen byd seg, et han òg fuglar og fugleegg.

Hoggormen et ikkje regelmessig; kor ofte han et spørst på jaktlykka. Han jaktar enten ved å liggja stille og vente på at eit bytte skal nærme seg eller ved å følgje luktsporet til byttedyret. Når han kjem tett nok innpå, høgg han til og sprøytar gift inn i byttet, som blir lamma av gifta og dør i løpet av nån få minutt. Så slukar han byttet heilt. Ein hoggorm vil trenge om lag 25 vaksne mus i løpet av ein sommar.

Reproduksjon

To hannormar følgjer kvarandre tett ved begynnelsen av paringstida.
Foto: Piet Spaans

Hoggormen blir kjønsmoden når han er 3–5 år gammel. Paringa går for seg på våren. Det er vanleg at hannane slæst lange kampar med rivalane sine om retten til å para seg med hoone. Etter paringa har ikkje hannen og hoa meir med kvarandre å gjera. Hoa er drektig i 60–100 dagar, og ho føder inntil ca 20 ungar i august/september. Tidspunktet er litt avhengig av kva for breiddegrad ho lever på. Hoggormen er kjent for å føde levande ungar, men ei meir korrekt skildring er at egga blir klekt rett føre fødselen. Dei er 15–20 cm lange når dei er nyfødde, og dei er giftige når dei blir fødd. Ungane i eitt og samma kull kan ha olike fedrar. Etter fødselen vil mora vara svært avkrefta. Kroppsvekta vil da vara kring halvparten av det normale, og ho treng heile neste sommar på å eta seg opp att. Derfor får hoggormhoone ungar berre annakvart år, nån gonger kvart tredje år. Mora tek seg ikkje av ungane; dei lyt greie seg sjølv med det samma dei er fødd.

Bett

Fanga hoggorm bit i ein hanske.
Foto: Piet Spaans

Mange menneske er redde for hoggormen, men faren för at de vil bli beten av honom nån gong er svært liten. Normalt vil hoggormen prøve å unngå folk, enten ved å liggja rolig i håp om å ikkje bli sétt, eller ved å flykte. Om han blir overraska eller provosert og ikkje kan komma unna, vil han försvara seg. Da rullar han seg samen og gjer seg klar til å bite, og når han bit så gjer han det lynkjapt.

Den som blir beten merkjer først eit stikk som kan minne om eit nålestikk. Etter nån sekund vil det gå over til kraftig svie, på lag som kveksstikk, og det kan piple litt blod frå såret. Det varierer individuelt kor sterkt ein reagerer på hoggormbett, men etter nån minutt kan ein bli svimmel, kvalm, øm og få smertar i store deler av kroppen. Lokalt kring bettet kan ein homne kraftig opp. Om smertane og hevinga er kraftige, må ein rekne med at det vil ta fleire dagar före alle symptoma er borte. Somme får ikkje nån som helst symptom etter å ha vorte betne. Det er ikkje fördi de er immune mot gifta, men fördi hoggormen ikkje sprøyta inn gift. Han kan nemlig sjølv bestemme om han skal sprøyte inn gift eller ikkje når han bit, og det er ikkje allveg han vil sløse med gifta. Dét skjer i kring 30 % av tilfella.

Kva gjer ein ved bett?

Dødsfall etter hoggormbett er sjeldne i Norge. Det er viktig at den som blir beten av hoggorm held seg i ro. Ein skal ikkje klemme, skjera eller suge på bettstaden. Barn som er betne skal berast. Alle som er betne bør kontakte dokter för informasjon snarast mulig. Får ein alvorlige symptom bør ein ringje nødnummer 113. Har ein symptom som nemnt over skal ein på sjukehus. Dessutan bør alle born under 12 år, eldre, gravide, personar med redusert allmenntilstand, personar som brukar ACE-hemmarar (ein spesiell blodtrykksmedisin) og personar som er betne i haud, hals, bryst, maga og rygg, på sjukehus.[2]

Vanlige misforståelsar

Det verserer ein del mytar om hoggormen; her er nån av dei mest seigliva.

  • Hoggormungane er giftigare enn dei vaksne dyra. Det er ikkje rett — faktisk tvert imot. Dei er mindre av vekst og har mindre giftmengd, og det er giftmengda som blir sprøyta inn i såret som avgjer kor farlig bettet er. Hoggormane er giftige frå dei blir fødd, men ungane er ikkje giftigare enn dei vaksne ormane.
  • Hoa må klatre opp i et tre når ho skal føde för å unngå å bli beta av ungane. Dét er ein utbreidd misförståelse. Rett nok kan hoa finne på å klatre opp i ein busk eller opp på ei grein når ho skal føde, men det er fordi tyngdekrafta vil hjelpe henne under fødselen, ikkje fördi ho er redd för å bli beta av ungane.
  • Hoggormen kan ta kjakan utav ledd för å svelgje store bytte. Dét stemmer ikkje. Hos ormar er det nedre kjakabeinet todelt og samenkopla med ei sen slik at dei to delene kan strekkjast frå kvarandre. Kjakabeina er ikkje kopla direkte til skallen, men til eit anna bein, som i sin tur er kopla til skallen. Det gjer at kjakan til ormar er svært tøyelig når han skal gapa over store bytte, men kjakan går ikkje utur ledd.

Freding

Hoggormen er ein av tre ormartar som lever fritt i Norge, og han er den einaste av dem som er giftig. Dei to andre ormeartane i Norge er buormen og slettsnoken. Stålormen blir ofte teken för å vara ein orm, men han er eigentlig ei øgle. Alle frittlevande ormar i Norge er freda etter viltloven. Hoggormen er òg freda over det meste av Europa.

Litteratur

  • VERDAS DYRELIV, N.W.DAMM & SØN AS 2002, ISBN 82-496-0037-1

Fotnotar

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Hoggorm» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.