Hing
Frå Alnakka.net
hing, dyvelsdrek | ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Orden: | Apiales | |
Familie: | Apiaceae | |
Slekt: | Ferula | |
Art: | assa-foetida |
Hing (Ferula assa-foetida) eller dyvelsdrek (frå nty. Düwelsdreck) er ei plante i Ferula-slekta som opprinneleg kjem frå Iran. Heile den råe planta har ei intens, obehageleg lukt og smak, men hing som blir bruka som krydder og gjenomkoka eller steikt gjev ein mild og avrunda, noko purre-aktig smak. Hing har ein antimikrobiell og antiviral effekt, og både i folkemedisin og skulemedisin blir hing særleg bruka mot problem med fordøyelsen. I folkemedisin blir dessutan hing bruka mot akutte og kroniske problem med luftvegane, inkludert forkjølelse og influensa.