Harimandir Sāhib

Frå Alnakka.net
Sikhismen
Golden temple.jpg

emnesida

Sikh-gurūar
  1. Nānak Dēv
  2. Angād Dēv
  3. Amar Dās
  4. Rām Dās
  5. Ardjan Dēv
  6. Hari Gōbindh
  7. Hari Rāi
  8. Hari Krisjan
  9. Tēgh Bahādur
  10. Gōbindh Singh
Skrifter
Gurū Granth Sāhib

Bāṇī - «Tjåpaī»
«Djāp Sāhib»
«Djapdjī Sāhib»
«Mul mantra»
«Sukhmani»

Dasam Granth

Filosofi
simran
(Guds sanning)

sēvā (dugnad,
frivillig arbeid)

tre søylor

  1. Nām djapō
    (gudstjeneste)
  2. kirat karni
    (ærleg arbeid)
  3. vaṇḍ tjakkō
    (del goda)
fem vonde
  1. kām
    (blind attrå)
  2. krōdh
    (raseri)
  3. lōbh
    (grådigheit)
  4. mōh (blind
    materialisme)
  5. ahankar
    (arroganse)
fem gode
  1. sat
    (sanning)
  2. santōkh
    (tilfredsheit)
  3. daya
    (medkjensle)
  4. nimrata
    (audmjukskap)
  5. pyārē
    (kjærlegheit)
Khalsā

Pandj kakkē:
1 kēsj (uklipt hår)
2 kāṛā (stålarmband)
3 kanghā (stålkam)
4 katjhā (underbrok)
5 kirpān (sabel)

Helige plassar
Amritsar
Harimandir Sāhib
(«Det gylne tempelet»)
gurduārā
Folk og språk
Pandjāb - sikhar
pandjābī - gurmukhī
Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.

Harimandir Sāhib, òg skreve Harmandir Sāhib og Har Mandir; eller Sri Darbār Sāhib; og mest kjent under tilnamnet Det gylne tempelet, er sikhismens heligaste stad og valfartsmål for sikhar frå heile verda. Denne gurduārāen vart bygd av den femte sikh-gurūen, gurū Ardjan Dēv, for å huse Gurū Granth Sāhib, sikhane si helige skrift.

Forhistorie

Opprinneleg var denne staden eit lite vatn i ein skogslund. Reisande og helige folk kom dit for meditasjon og kvile. Staden var kjent for roa og det reine og gode vatnet.

Vatnet vart utvida og eit lite samfunn oppsett under ledelse av den fjerde sikh-gurūen, gurū Rām Dās (gurū 15741581. Under ledelse av den femte sikh-gurūen, Gurū Ardjan Dēv (gurū 15811606) vart Harimandir Sāhib bygd. Den muslimske helgenen Hazrat Mian Mir dji frå Lahår la ned grunnsteinen til Harimandir Sāhib i desember 1588, og bygninga vart fullført i 1601. Tempelet har fire inngangar — eit symbol på toleranse og openheit.

Tempelet vart attoppbygd i 1803 av mahārādjā Randjit Singh. Kuppelen, som har form som ein lotusblomster som vender ned mot jorda, blir sagt å vera dekt av heile 100 kilo gull. Slik denna gurduārāen ligg no, er han omgjeven av ein dam kjent under namnet Sarovar.

Operation Blue Star

1980-talet opplevde India fleire terroriståtak frå sikhar som ville dane sin eigen stat, Khalistan. Den indiske hæren slo hardt ned mot opprørarane. I 1984 förskansa ledaren for separatistane, Jarnail Singh Bhindranwale, og ei rekkje tilhengarar seg i Det gylne tempelet.

Etter ordre frå den davarande indiske statsministeren, Indira Gandhi, gikk den indiske hæren til åtak på tempelet den 5.6. juni 1984. Målet var å sikre det indiske styret i Pandjāb og å ta Jarnail Singh Bhindranwale til fange. Separatistledaren dødde under åtaket. Indira Gandhi vart seinare drepa av livvaktene sine, som var sikhar, som hemn for aksjonen.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Harmandir Sáhib» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Q1